Honningproduksjon sidan 2014
Sidan 2014 har Stavanger lufthamn produsert sin eiga honning. Bikubar står langs rullebanen og tusenvis av bier tek av og landar her på jakt etter nektar frå blomar i nærområdet. Honning vert hausta frå kubane av birøktar Kjetil Lyse, og blir tappa på glas ved KL bigard i Sandnes.
Men, kvifor i all verda lagar vi honning?
Først og fremst er det fordi vi tek miljøet på alvor. Å kontrollere honningen som vert produsert mellom rullebanene gjev oss moglegheit til å overvake om det er forureining i luft, regnvatn, blomar eller pollen rundt oss. Biene samlar så godt som heile tida inn nektar og pollen og desse «prøvane» gjev oss ein god indikator på luftkvaliteten på Sola. Honningen er testa og funnen rein.
Vi ønskjer òg å selje og servere mest mogleg lokale og kortreiste produkt og råvarer på våre serveringsstader. Nærare enn dette kjem vi knapt! Og, så er vi veldig glad i det søte her på Sola – og ingenting er søtare enn just plain/plane honey.

Moro-faktum
Biene må besøke over 20 millionar blomar - eller ta over 60 000 flyturar for å produsere 1 kg honning.
Bikubene står i nærleiken av eit landskapsvernområde, der rundt 185 fly tek av og landar kvar dag til/frå over 70 forskjellige destinasjonar. Biene på si side tek ca. 40 turar kvar, når nektar og pollen er "i lufta" - og flyg indirekte til ca. 4000 blomsterdestinasjonar.