Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Sikkerheitskontrollen

Å fly skal vere ei trygg oppleving – derfor har tryggleik høgaste prioritet hos oss. Tryggleikskontrollen går raskare og smidigare dersom du er førebudd.

Nyttig informasjon

  1. Før du kjem til sikkerheitskontrollen

    Ha boardingkort klart for kontroll. Du kan bruke boardingkort frå papir (eiga utskrift eller frå innsjekkingsautomat/skranke), eller frå mobiltelefon.

    Reglar og informasjon om kva som er lov å ha med i handbagasjen
  2. Legg lause gjenstandar bort

    Legg alle lause gjenstandar i handbagasjen eller ytterkleda før kontrollen. Dette gjeld mellom anna lommebok, nøklar, myntar og klokker. Alle eigedelar (også klede, sekk/bag og veske) skal leggjast i kasser før gjennomlysing. Ikkje legg noko laust på bandet.

  3. Litium-batteri (Li-ion) er IKKJE tillatne i innsjekka bagasje

    Litium-batteri finst oftast i powerbankar, naudladarar, mobiltelefonar, nettbrett, PC-ar og oppladbare verktøy. På grunn av fare for overoppheting og brann er ikkje litium-batteri tillatne i innsjekka bagasje – dei må takast med i handbagasjen.

  4. Hjelpemiddel og implantat

    Brukar du rullestol eller har pacemaker, implantat eller implantert nervestimulator, skal du ikkje gå gjennom metalldetektoren. Du blir i staden kontrollert med handssøk eller ein eigen sikkerheitsskannar. Dersom du ønskjer det, har du rett til å bli kontrollert av ein person med same kjønn.

  5. Reisande med behov for assistanse

    Barn, eldre, menneske med funksjonsnedsetting og andre med behov for assistanse som reiser aleine, kan følgjast av foreldre eller andre ledsagarar gjennom tryggleikskontrollen.

  6. Taxfree varer i forsegla pose

    Viss du landar på Oslo lufthamn eller Bergen lufthamn og skal reise vidare med fly, må du passe på at taxfree-varene dine er forseglede – elles kan du faktisk risikere å miste varene dine når du skal gjennom tryggleikskontrollen igjen.

    Les meir på sidene til Luftfartstilsynet her.