Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Stavanger lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Pågåande flygeleiarstreik

På grunn av den pågåande flygeleiarstreiken opplever vi for tida driftsforstyrringar i flytrafikken ved Avinor sine lufthamner. Streiken påverkar kapasiteten i norsk luftrom og fører til forseinkingar og kanselleringar på fleire avgangar og innkomande flygingar. Omfanget av driftsforstyrringane vil variere. Vi ber alle reisande om å følgje informasjonen dei får frå flyselskapet sitt. Avinor ber om orsaking for ulempene dette medfører.

Passeringsavtale for Taxi

For å få tilgang til Avinors tilrettelagde område for avhenting av passasjerar må løyvehavar eller taxisentral inngå ein passeringsavtale med gjeldande lufthamn.

Avtalen blir inngått med avtaleadministrator, Apcoa, som regulerer avtalen på vegner av Avinor. For inngåing av passeringsavtale, kontakt Apcoa på e-post: .

Kostnaden for nye løyvehavarar for registrering av passeringsavtale og faktureringsavtale er kr.300,- eks mva. Avtalene vert sendt til løyvehavar og passeringsbrikke vert aktivert når signerte avtaler er mottekne av Apcoa. Brikker som må erstattast har ein kostnad på kr.500,- eks mva.

Passeringsavtalen regulerer tilgang til tilrettelagt område for avhenting av passasjerar for køyretøy med gyldig drosjeløyve.