Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Forstyrringar i togtrafikken til og frå Oslo lufthamn

Ein pågåande streik blant lokførarar påverkar togtilbodet til og frå Oslo lufthamn. Rekn med ekstra tid og sjekk oppdatert informasjon hos togselskapet før du reiser. Flytoget køyrer som normalt.

Momsrefusjon

Bur du utanfor Noreg, Sverige, Danmark eller Finland? Du kan få refundert merverdiavgift (MVA) på enkelte varer du har kjøpt i Noreg.

Personar ved ein Global Blue tax-free-refusjonsdisk på ein flyplass. To menn står ved skranken under eit blått skilt som viser "Tax Free Refunds".

Viss du har gjort kjøp i tilknytte butikkar i Noreg og ønskjer å få refundert meirverdiavgifta (mva), kan du gjere dette gjennom private selskap som Global Blue eller Planet.

Slik fungerer det:

  • Kjøp varer for over 315 NOK i ein tilknytt butikk.
  • Be om ein tax-free-sjekk eller skjema i butikken før du dreg til flyplassen.
  • Fyll ut nødvendige opplysningar i skjemaet, som namn, adresse, passnummer og kredittkortdetaljar.
  • Ver sikker på at varer som skal sendast med bagasje blir viste fram for tollen før innsjekk.
  • På flyplassen går du til Global Blue- eller Planet-skranken for å få valideringsstempelet.
  • Når skjemaet er stadfesta, blir refusjonen overført til ditt kredittkort.

Viktig å hugse:

  • Varer må eksporterast innan 30 dagar frå kjøpsdato.
  • Hugs å fyll ut alle Global Blue Tax Free og Planet skjema med rett informasjon før du kjem til flyplassen.
  • Billett, pass og varer blir sjekka før du får verifiseringsstempel.
  • Refusjonar kan ta opptil nokre veker å kome inn på kontoen.

Gå til selskapet si nettside for full informasjon om vilkår Global Blue og Planet.


Gjer det sjølv: 

Følg rettleiinga på Tolletaten sin nettside https://www.toll.no/no/turist/tax-free/

Det er ikkje Tolletaten som tilbakebetaler meirverdiavgifta.

Global Blue på Oslo lufthamn

Skranken til Global Blue finn du i avgangshallen, ved innsjekkingsområde 8, før sikkerheitskontrollen. 

For meir informasjon besøk www.globalblue.com.
Telefon:

Opningstider:
Måndag - fredag: 05:00 - 20:00
Laurdag: 05:00 - 19:00
Sundag: 05:00 - 21:00

Planet på Oslo lufthamn

Skranken til Planet på Oslo lufthamn Gardermoen ligg i innsjekkingsområde 7 i avgangshallen, før tryggleikskontrollen. 

Om du har ei mellomlanding på Oslo lufthamn eller kjem utanom dei vanlege opningstidene, kan du hente taxfree-refusjonen din hos Ark bokhandel i gate D-området.

For meir informasjon besøk: www.planetpayment.com

Trenger du hjelp, vennlegast kontakt oss på

Opningstider:
Måndag - sundag: 09:00 - 18:00