Kunst på flyplassen

Nuart-festivalen blir sett på som verdas leiande gatekunstfestival. Nuart har sidan 2001 arbeidd aktivt med å leggje til rette for nye former for kunst i det offentlege rom.

Kvart år, den fyrste veka i september, blir fleire internasjonale kunstnarar inviterte til Stavanger for å setje sitt preg på byen. Dette gjer Nuart til ein av Europas mest dynamiske og levande festivalar. Nuart er ein non-profit-organisasjon.

Organisasjonen sitt mål er å redefinere korleis vi opplever kunst, ved å ta kunsten ut av museum og galleri og ut i det offentlege rom.

Endless Flight av Hama Woods

I ein søken etter ein måte å kommunisere kor viktig naturen er for oss menneske, viser Hama Woods gjennom sine sjablongar korleis menneskas konsum direkte påverkar naturen rundt oss.

Kunsten hennar viser ein djup respekt for naturen og koplinga til mennesket, og arbeida gjenkjennast ved bruken av lagvise sjablongar skore ut for hand. Målet hennar er å få oss til å tenkje gjennom dei vala vi tek, og vurdere kva for effekt desse vala har på verda rundt oss. Hama Woods bur og arbeider i Oslo.

Kunstverk på Stavanger flyplass

Gone Believer av Snik

Snik er tradisjonelle sjablongkunstnarar. Enkelte andre kunstnarar brukar digitale teknikkar, som laserskjerarar og PCar i arbeidet sitt, men Snik har valt å vere tru mot det originale handverket.

De bruker framleis mykje tid på å skjære ut lagvise sjablongar for hand.

Typisk for Sniks motiv er stillbilete frå situasjonar med mykje rørsle. Arbeidet fokuserer på det ordinære og kvardagslege, som til dømes bilete av floke hår eller brettar og folder i klede og tøy. Desse subtile aspekta er framheva for å gi små hint om ei djupare meining. Meiningar som er flyktige, slik at sjåaren skal kunne danne seg sin eigen meining om kunstverka.

Kunstverk på Stavanger flyplass, maleri på ein stor vegg av to damer

Control Tower av M-City

M-City, eller Mariusz Waras som han eigentleg heiter, er ein kunstnar og amatørarkitekt som elskar å reise – noko som kan forklare kvar hans kunstnariske styrke og presisjon kjem frå. Han er busett i Gdansk men kunsten hans kan opplevast over heile verda.

M-Citys veggmaleriar er uvanleg rytmiske og presise, ein effekt han oppnår ved hjelp av sjablongar skorne ut for hand. Han konstruerer urbane område kor hovudobjektet er metropolis, og storbyens evigvarande utvikling.Verka hans er prega av hans to største inspirasjonskjelder; dataspel og geopolitiske tema.

Kunstverk på Stavanger flyplass, kontrolltårnet er måla i nydelege blå fargar og mønster

Chinook Hearts av Martin Whatson

Martin Whatson er ein norsk gatekunstnar som er mest kjend for sine fargerike, kalligrafiske skriblerier på gråe bakgrunnar. Dei siste tiåret har Whatson utvikla ein særeigen estetikk som kombinerer abstrakte rørsler med figurativ sjablongkunst. Arbeida hans gjenspeglar bygatenes vekst og fall, ettersom han på ein symbolsk måte gjenskaper det urbane miljøet – for deretter å vandalisere det, for å understreke den konstante og levande forvandlinga.

Kunstverk på Stavanger flyplass, måleri utanpå terminalbygget. To hjarte i raudt heng frå eit fly

Disruption 04 av Add Fuel

Bak namnet Add Fuel står den portugisiske kunstnaren og illustratøren Diogo Machado.Etter å ha blitt fascinert av dei visuelle moglegheitene innan symmetriske mønster og fliselegging byrja han å jobbe med tradisjonell flisedesign, og spesielt portugisiske, glaserte azulejo-fliser – og redefinerte samtidig denne kunstarten.

Disruption 04 er ei utforsking av overlappande, repeterande mønster på ein ikkje-lineær overflate kor to tilsynelatande kjende element blir samanvovne. Mønsteret er inspirert av tradisjonell rosemåling frå Rogaland.

Kunstverk på Stavanger flyplass, ein søyle er malt i nydeleg mønster i gult og raudt

The Orchid Pink Runway av Louis Masai

Louis Masais arbeid med å dokumentere utryddingstruga dyreartar har i mange tilfelle blitt sett på som politikk og ikkje berre kunst. «Eg synes det er litt skremmande – i og med at eg berre ser på meg sjølv som kunstnar – men eg veit definitivt at kunst har sprengkraft, og eg liker å bruke den krafta på veggar eller i sosiale medium,» seier han.

I samband med Avinor Solas bygging av eit tomatdrivhus inne i terminalbygningen blei Masai invitert til å dekorere området rundt. Han malte bier, men etter å ha høyrt at det blei oppdaga ei sjeldan, utryddingstruga orkide ute på rullebanen, malte han òg ein vakker hjarteforma orkide som biene kunne klatre på.

Masais utryddingstruga dyr kan sjåast over heile verda, og biene hans har tidlegare vore utstilt på Hå gamle prestegard sør for Stavanger.No kan du også bivåne dei her på Sola.

Kunstverk på Stavanger flyplass, ein stor rosa orkidé er måla på ein vegg inne i terminalbygget

NO NAME

1UP er ei graffitigruppe basert i Berlin, kjend for sine spektakulære og dristige stunt, og inkluderer ofte politiske bodskap i kunsten sin. Den anonyme gruppa består av eit dusin menn og kvinner som skjuler identiteten sin bak masker, noko som gjer alderen, utdanninga og det nøyaktige talet på medlemmar ukjend.

Den tyske gruppa har sett sitt preg på gater og bygningar i heimbyen sin og store byar over heile verda sidan tidleg på 2000-talet, noko som har gitt dei eit verdsomspennande rykte. Verket deira, OneUnitedPower, er det offisielle kunstverket for NuArt-festivalen i 2018 på Sola, og du kan sjå det fargerike arbeidet deira ved inngangen til flyplassen.

Kul og moderne kunst er måla med eit taggete mønster utanpå terminalbygningen

Baggage Claim

Francesco Camillo Giorgino, betre kjend som Millo, målar store veggmaleri med vennlege skikkelsar som utforskar urbane omgjevnader, ofte med arkitektoniske element.Millo har etter kvart skapt over 150 veggmaleri over heile verda, og kunsten hans finn du på alle kontinent.

Verket Baggage Claim er inspirert av kunstnaren sitt eige liv, der flyplass for han markerer både start- og sluttpunktet for kvar ein reise. Bagasjebandet symboliserer ei straum av opplevingar: i staden for vanleg bagasje på bandet er det erstatta med symbolske bilete frå andre land. På denne måten sameinar bagasjebandet verda medan det rører seg mellom menneske utan grenser. Ei vakker tolking av global forbindelse og fellesskap.

Moderne kunst inne på bagasjehentingsområdet

Reaching, Climbing

Al Greenall er ein kunstnar og filosof, med ei djup kjensle for kva det betyr å vere eit medvite og tenkjande vesen i dette imponerande fysiske universet. Al trur at vi alle i botn og grunn er kunstnarar og at det å få kontakt med eiga kreativitet stadig blir viktigare i møte med vår tids ekstraordinære utfordringar. Verket «Reaching, Climbing» fangar essensen av auga der og då - kvar du er, kvar du har vore og kvar du skal.