Vatn og grunn

    Utsleppsløyve
    Bergen lufthamn har sidan 2021 eit nytt utsleppsløyve som tillèt utslepp av glykol frå flyavising, og formiat frå baneavising. I tillegg har vi lov til å teste utstyr for brannbilar. Resipientar skal ikkje ta skade. Det er lufthamnens ansvar å kontrollere og dokumentere dette. Rapportering skjer årleg på grunnlag av landbasert industri. Statsforvaltaren er tilsynsmyndigheit for lufthamna.

    Miljøovervåking
    Lufthamna har kontinuerleg miljøovervåking, og heile året blir alle større resipientar rundt lufthamna kontrollerte med målingar og kjemiske analysar. Hensikta er å overvåke tilstanden i Langavatn, Lønningsbekken og Fleslandselva, slik at kjemikaliebruk under vintersesongen ikkje skadar våre resipientar.

    Raunefjorden blir kontrollert gjennom deltaking i Byfjordsundersøkinga.
    I tillegg ønskjer lufthamna å få utført ei biologisk undersøking som gir status for vassdraga i samsvar med vassforskrifta.

    Resultat frå overvåkingsprogrammet

    • Lufthamna har kontinuerleg avrenning av PFAS frå tidlegare brannøvingsverksemd, og Avinor tek her eit nasjonalt grep for alle lufthamner, der Miljødirektoratet er premissgivar. Bergen lufthamn har, saman med fleire av Avinors lufthamner, no fått pålegg om å fjerne store mengder av kjelda. Utføring er under detaljprosjektering, mai 2022.
    • Biologiske undersøkingar har vurdert fiskebestand, botndyr og plantebestand. Rapportar viser dårleg økologisk status for resipientane i samsvar med vassdirektivet.