Lounge
Skal du reise til utlandet? Alle som skal reise utanlands er velkomne til Bergen utanlandslounge.
Velkomen til Bergen Lounge
Velkomen til Bergen Lounge – di ekstra stove og ein fredeleg tilfluktsstad før den vidare reisa.
Nyt eit lett måltid, slapp av med ei avis, bruk internett, eller nyt den unike utsikta over både det vakre landskapet og rullebana. Vi kombinerer eleganse med ein heimkoseleg atmosfære, høg kvalitet og personleg service som gir deg det vesle ekstra og gjer reisa di meir komfortabel.
Opningstider: 05:00–19:00
Prisar:
Loungen kan nyttast av alle reisande for kr 495, med atterhald om ledig kapasitet.
Barn 0–2 år: Gratis
Barn 2–12 år: kr 140
Loungen har aldersgrense på 18 år utan følgje av føresette. Tilgangen er gyldig i 3 timar før avgang. Betaling skjer med bankkort eller kredittkort via betalingsterminal, og alle besøkjande må ha eit gyldig boardingkort den aktuelle dagen på ei utanlandsflyging.
Loungen kan nyttast av passasjerar frå følgjande flyselskap:
- AirBaltic – Business Class eller AirBaltic Club VIP-medlemmer
- Air France – Business Class eller SkyTeam Elite Plus-medlemmer
- Edelweiss – Business Class, HON Circle, Senator eller Star Alliance Gold-medlemmer
- Finnair – Business Class, One World Emerald eller One World Sapphire-medlemmer
- Iberia – Business Class, One World Emerald, One World Sapphire, Iberia Plus Elite eller Iberia Singular-medlemmer
- Icelandair – Business Class, Saga Gold eller Saga Silver-medlemmer
- KLM – Business Class eller SkyTeam Elite Plus-medlemmer
- LOT Polish Airlines – Business Class, HON Circle, Senator eller Star Alliance Gold-medlemmer
- Lufthansa – First Class, Business Class, HON Circle, Senator eller Star Alliance Gold-medlemmer
- SAS – Business Class eller SkyTeam Elite Plus-medlemmer
- Widerøe – Flex/Full Flex eller Norwegian Reward Priority-medlemmer
Andre avtalar:
- American Express – Centurion- og Platinum-kort (kort utferda i Noreg, Sverige eller Finland)
- DragonPass
- LoungeKey – gyldig for kundar i følgjande bankar:
- Danske Bank
- DNB Saga
- Handelsbanken
- Nordea
- SEB Selected
- SpareBank 1
- Enkelte Klarna-medlemskap
Tilgang via American Express, DragonPass og LoungeKey er gyldig i opptil 3 timar før avgang.
Informasjon om adgang, fakturering og prisar blir gitt av kunden sin bank eller samarbeidspartnar.
Banken eller kredittkortet som er knytt til LoungeKey, må vere utferda i Noreg.
Gyldig billett til ein internasjonal destinasjon same dag er påkravd.
Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til Bergen Lounge!
Ta gjerne kontakt med SSP dersom du ønskjer å bestille loungertilgang, reservere møterom eller har andre spørsmål:
+47 48 20 66 26