Overføring

    Viss du landar på Bergen lufthamn frå utlandet og skal vidare med fly innanlands, må du hugse å ta ut bagasjen i Bergen - gå gjennom toll og opp til bagasje-drop på avreise i 2. etasje, og deretter gå gjennom tryggingskontroll og til gate.

    To personer smiler medan dei står framfor ein digital avgangstavle på ein flyplass, og held kvar sin kaffi

    Overføring

    Alle som kjem frå utlandet og skal fly vidare i Noreg

    Følg skilting til ankomst, transfer gates B, C og D. All innsjekka bagasje må plukkast opp frå bagasjebåndet og takast gjennom tollen, også dersom bagasjen er sjekka inn heile vegen. Etter Toll følg skilting til avgang. Lever bagasjen på nytt i innsjekksskranken.

    Alle som kjem frå Noreg og skal fly vidare til utlandet

    Fylg skilting til avgang, finn din neste avgang på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til din gate. Gateområde for utland er E og F. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente den i ankomsthallen og sjekke inn på nytt.

    Alle ankommande frå utlandet som skal fly vidare til utlandet

    Fylg skilting til avgang og gateområde E og F ved ankomst og finn din neste avgang på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til din gate. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente den i ankomsthallen og sjekke inn på nytt.

    Alle ankomande frå Noreg som skal fly vidare i Noreg

    Følg skilting til avgang, finn din neste avgang på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til din gate. Gateområdet for innlands er B, C og D. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente den i ankomsthallen og sjekke inn på nytt.