Dine rettigheter når flyreisen ikke går som planlagt
Ble flyet forsinket eller kansellert? Har bagasjen blitt borte eller skadet? Som flypassasjer har du rettigheter i slike situasjoner. Her finner du informasjon om hvem som har ansvar, hva du kan ha krav på og hvor du kan få hjelp.
Kven skal eg klage til?
Avinor eig og driv flyplassane, men kan ikkje handsame klager og krav knytte til sjølve reisa di. Ansvar for flygingar og bagasje ligg hos flyselskapa.
Kontakt flyselskapet ditt for krav om kompensasjon eller refusjon knytt til:
- seinkingar og kansellering (innstilt flyging)
- ombooking
- refusjon og kompensasjon
- tapt eller skadd bagasje
- assistanse
Kva gjeld saka?
Flyet mitt er forseinka
Viss flyet ditt er forseinka, kan du ha krav på hjelp frå flyselskapet medan du ventar. Ved lengre forseinkingar kan du òg ha rett til kompensasjon eller refusjon.
Kontakt flyselskapet dersom:
- Flyet er forseinka
- Du har mist ei tilslutningsflyging
- Du ønskjer refusjon eller kompensasjon
Les meir:
- Rettar ved forseinking (Luftfartstilsynet)
Flyet mitt er kansellert (innstilt)
Dersom flyet ditt blir kansellert (innstilt), skal flyselskapet tilby alternativ transport eller refusjon av billetten. I enkelte tilfelle kan du òg ha krav på økonomisk kompensasjon.
Kontakt flyselskapet dersom:
- Flyginga er kansellert
- Du treng ombooking
- Du ønskjer refusjon eller kompensasjon
Les meir:
- Rettar ved innstillingar (Luftfartstilsynet)
Eg mista transferflyet mitt
Hvis du ikkje rekk neste flyging på reisa di, kjem rettane dine an på korleis reisa er bestilt og årsaka til forseinkinga.
Kontakt flyselskapet dersom:
- Du har mista ein tilslutningsflyging på grunn av forseinking
- Du treng ombooking til neste tilgjengelege fly
- Du ønskjer informasjon om eventuelle rettar til refusjon eller kompensasjon
Ver merksam på:
- Dersom heile reisa er bestilt på éi billett, har flyselskapet normalt ansvar for å hjelpe deg vidare til reisemålet.
- Dersom flygingane er kjøpte som separate billettar, kan ansvaret vere avgrensa.
Les meir:
- Rettar ved forseinking (Luftfartstilsynet)
Reisa mi blei påverka av streik, kø eller driftsproblem på flyplassen
Streik, tekniske feil eller andre driftsproblem på flyplassen kan påverke reisa di. Dersom dette førte til at flyet vart forseinka, kansellert eller at du ikkje rakk flyginga di, kan du i nokre tilfelle ha krav på hjelp eller kompensasjon.
Eksempel på hendingar som kan oppstå:
- Streik på flyplassen, hos flyselskapet, eller hos samarbeidande verksemder
- Tekniske problem med innsjekking, bagasjehandtering eller andre system
- Evakueringar eller andre driftsforstyrringar på flyplassen
Ver merksam på:
- Kva rettar du har, avheng av kva som skjedde, korleis du vart informert, og kven som var ansvarleg for hendinga.
- I mange tilfelle er det flyselskapet som handterer spørsmål om ombooking, refusjon og kompensasjon.
Les meir:
- Rettar for flypassasjerar (Luftfartstilsynet)
Eg vart nekta ombordstiging
Viss du har gyldig billett og reisedokument, møter opp i tide, men likevel ikkje får reise, kan du ha rett til kompensasjon og alternativ transport.
Kontakt flyselskapet dersom:
- Flyet er overbooka
- Du blir nekta ombordstiging utan eige ønske
Les meir:
- Rettar for flypassasjerar (Luftfartstilsynet)
Bagasjen er forseinka
Viss bagasjen ikkje kjem fram samstundes som deg, må dette meldast til flyselskapet sitt bagasjeselskap så snart som mogleg (helst før du forlèt flyplassen).
Kontakt flyselskapet sin bagasjeansvarlege dersom:
- Bagasjen ikkje har kome fram
- Du ønskjer å registrere ein sakna bagasje
Les meir:
- Forsinka, tapt eller skadd bagasje (Luftfartstilsynet)
Bagasjen er skadd
Oppdagar du skade på bagasjen etter reisa, må du melde frå til flyselskapet innan gjeldande fristar.
Kontakt bagasjeansvarlege hos flyselskapet dersom:
- Bagasjen er skadd
- Innhald er øydelagt eller manglar
Les meir:
- Seinka, tapt eller skadd bagasje (Luftfartstilsynet)
Bagasjen er tapt
Dersom bagasjen ikkje blir funnen etter ein viss periode, kan han bli erklært tapt. Då kan du ha krav på erstatning.
Kontakt flyselskapet dersom:
- Bagasjen har vore sakna over lengre tid
- Du ønskjer å fremje eit erstatningskrav
Les meir:
- Seinka, tapt eller skadd bagasje (Luftfartstilsynet)
Eg opplevde forskjellsbehandling, diskriminering eller manglande tilrettelegging
Alle skal ha like moglegheiter til å reise med fly. Dersom du opplevde forskjellsbehandling, diskriminering eller manglande tilrettelegging i samband med flyreisa, kan du ha rett til å klage.
Dette kan til dømes gjelde:
- Manglande eller utilstrekkeleg assistanse
- Mangelfull tilrettelegging på flyplassen eller om bord
- At du vart nekta å reise på grunn av funksjonsnedsetjing eller redusert rørslemåte
- Opplevingar av diskriminering eller usakleg forskjellsbehandling
Kontakt flyselskapet dersom saka gjeld:
- Ombordstiging eller forhold om bord
- Bestilling eller levering av assistansetenester til flyreisa
- Avgjerder tekne av flyselskapet eller deira tilsette
Kontakt flyplassen dersom saka gjeld:
- Mangelfull tilrettelegging for redusert funksjon/rørslemåte på flyplassen
- Forhold knytte til tryggleikskontroll, flyterminalen eller andre tenester på flyplassen
- Opplevingar med dei tilsette eller leverandørane til flyplassen
Les meir:
Eigedelen min vart stoppa i tryggleikskontrollen
Gjenstandar som ikkje er tillatne i handbagasjen, kan bli beslaglagde eller måtte bli att i tryggleikskontrollen. Dette gjeld mellom anna væsker over tillaten mengd, enkelte skarpe gjenstandar og andre gjenstandar som ikkje kan takast med gjennom kontrollen.
Kontakt flyplassen dersom:
- Du meiner ein gjenstand blei handtert feil i tryggleikskontrollen
- Du har spørsmål om reglane som blei lagde til grunn
- Du ønskjer å klage på behandlinga du mottok
Ver merksam på:
- Gjenstandar som blir att eller beslaglagde i tryggleikskontrollen kan vanlegvis ikkje hentast tilbake.
- Flyplassen erstattar vanlegvis ikkje gjenstandar som ikkje er tillatne gjennom tryggleikskontrollen.
- Reglane gjeld for alle passasjerar og er fastsette av luftfartsstyresmaktene.
Les meir:
Tilsynsorgan og klage
- Rettar for flypassasjerar i EU (EU)
- Passasjerrettar, klagemoglegheit og erstatningskrav (Luftfartstilsynet)
- Korleis klage til flyselskapet (Forbrukerrådet)