Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Ålesund lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Byggjearbeid på flyplassen

Vi startar ombygging av innsjekk- og bagasjeområdet 13. april. I byggjeperioden vil det vere noko redusert kapasitet, og reisande blir bedne om å berekne ekstra tid til innsjekk og bagdrop. Ombygginga er planlagd ferdigstilt rundt 1. juni. I same periode startar vi også anleggs- og byggjearbeid på den utvendige fasaden på kontrolltårnet. Området blir sperra av, og publikum blir bedne om å vise omsyn og gå utanom sperringane.

Kollektivt

Slik kjem du deg til og frå Ålesund lufthamn med kollektivtransport.

Blå ekspressbuss ved terminal med fleire bussar og menneske på ein regnfull dag i Noreg, omgitt av fjell og moderne arkitektur.

Kollektivt til og frå Ålesund Lufthamn

FLYBUSS

Flybuss

Det går flybuss til og frå Ålesund sentrum og Moa til dei fleste større flyavgangar og ankomstar. 

Det går også flybuss til og frå hurtigbåtkaia på Valderøya, i korrespondanse med hurtigbåten til og frå Hareid.

Vy Buss køyrer flybuss til og frå Ålesund sentrum og Moa. Turvogna har flybusstilbod til og frå hurtigbåtkaia på Valderøya.

Du finn alle rutetider i Enturs reiseplanleggar.

Rutetidene til Vy buss er også tilgjengeleg på vy.no og i Vy-appen.

Reisetider:

  • Til Ålesund sentrum: ca. 25 minutt
  • Til Valderøya hurtigbåtkai: ca. 10 minutt