Vilkår Fly and Shine AS

    Forretningsfolk på farten i eit parkeringshus, ber koffertar og vesker, kledd i formelle klede.

    Kjære kunde,

    Vi i Fly and Shine er glade for at du har valt oss. Vi skal ivareta bilen din på ein trygg og god måte slik at bilen din er i trygge hender. Fly and Shine ønskjer at opplevinga di skal bli så god som mogleg og ber derfor om at du les retningslinene før innlevering av bilen.

    Verdisaker/løsøregjenstandar
    Fjern alle verdisaker og løsøregjenstandar for å unngå at desse blir borte eller skada under behandlinga. Fastmontert utstyr som til dømes GPS, DAB-adapter etc. kan sjølvsagt bli verande. Vognkort, servicehefte etc. som ligg i hanskerommet kan òg bli liggande då vi ikkje gjer noko her. Alt søppel må fjernast frå bilen. Barnesete etc. må løsnast og sjekkast at dei er tilstrekkeleg festa ved ankomst.

    Informere om skadar eller liknande som kan ha betydning for behandlinga
    Har bilen skader må du informere om dette, slik at vi kan tilpasse oss. Er det utført reparasjonar på bilen nyleg må du informere oss, nyleg gjennomførte lakkarbeid som ikkje har herda skikkeleg kan til dømes ta skade av høgtrykksvask.

    Behandling av bil og oppbevaring av bilnøklar

    1. Har du booka parkering i P-hus P4 eller på P7, skal du parkere bilen på Fly and Shine sitt område (skilta). Har du booka på P8, parkerer du bilen der det er ledig.
    2. Bilnøklar leverast til drop safe som er plassert ved utkøyringa i p-hus P4.
    3. Bilen blir kjørt frå parkeringa til Fly and Shine for å utføre den tenesta som er avtalt, for så å bli køyrd tilbake til parkeringa. Bilen blir køyrd av Fly and Shines tilsette på ein forsvarleg måte. Skulle uhellet likevel innfinne seg under køyring/transport eller under utføring av avtalt arbeid, vil Fly and Shine dekke dette.

    4. Bilnøklane blir henta i dropsafe i ankomstterminalen nær of næringsparkeringa ved Avinor Service Senter. Du vil få ein kode på SMS når bilen er klar; koden brukast for å opne dropsafe/kodeskap.

    5. Du finn bilen der den var parkert, sjå punkt 1.

    Bilvask og autorisert verkstad

    Utvendig vask blir gjort med Istobal MNEX 32-maskiner, som er den nyaste teknologien. Det blir brukt miljøvennlege kjemikalie så langt det er muleg. Det meste av vatnet blir også resirkulert eller behandla på trygge måtar. Fly and Shine er samarbeidspartner med Kvål Auto, som har alle naudsynt autorisasjonar for å utføre EU-kontroll.

    Vi ynskjer både ris og ros

    Fly and Shine ønskjer tilbakemelding på di oppleving, anten den er negativ eller positiv, for å bli betre.