Sikkerheitskontrollen
Du skal vere trygg når du skal ut og fly. Difor har tryggleiken fyrsteprioritet hjå oss. Tryggingskontrollen går smidigare om du er førebudd.

Nyttig informasjon
Før du kjem til sikkerheitskontrollen
Ha boardingkort klart for kontroll. Gyldig boardingkort er: Boardingkort med strekkode frå innsjekkingsautomat, skranke, eigen utskrift eller papirløst boardingkort (bank-/kredittkort eller mobiltelefon)
Legg lause gjenstandar bort
Legg alle lause gjenstandar og metallgjenstandar (nøklar, myntar, mobiltelefonar m.m.) i handbagasje eller ytterklede før gjennomsyn. Alle gjenstandar skal leggjast i kassene, ikkje laust på bandet (gjeld òg klede, vesker, baggar osv.)
Litiumbatteri kan IKKJE sendast i innsjekka bagasje
I powerbankar, naudladarar, mobiltelefonar, nettbrett og nokre PC-ar, finn du gjerne litiumbatteri. Det er også litium i noko verktøy. Ingen typar litiumbatteri er tillatne i innsjekka bagasje.
Hjelpemiddel og implantat
Brukar du rullestol eller har implantat blir kontrollen utført manuelt. Passasjerar med pacemakarar og implanterte nervesimulatorar skal ikkje gå gjennom metalldetektor, men sikkerheitskontrollerast ved hjelp av handssøk eller eigen security scanner. Her har du krav på å bli kontrollert av ein med same kjønn dersom du ber om det.
Reisande med behov for assistanse
Barn, eldre, menneske med funksjonsnedsetting og andre med behov for assistanse som reiser aleine, kan følgjast av foreldre eller andre ledsagarar gjennom tryggleikskontrollen.
Taxfree varer i forsegla pose
Viss du landar på Oslo lufthamn eller Bergen lufthamn og skal reise vidare med fly, må du passe på at taxfree-varene dine er forseglede – elles kan du faktisk risikere å miste varene dine når du skal gjennom tryggleikskontrollen igjen.
Les meir på sidene til Luftfartstilsynet her.