Reise med barn
Ein flyplass kan vere både spennande og kanskje litt skummelt for dei minste. Ved å ta nokre enkle forholdsreglar kan du sikre ei meir behageleg reise for både store og små.

Nyttig informasjon
Barn kan reise aleine frå dei er 5 år
Born mellom 5 og 12 år som reiser aleine får ein mappe med reiseinformasjon som dei må bere synleg under heile reisa. Reglane kan variere frå selskap til selskap, så hugs å sjekke med ditt flyselskap kva reglar som gjeld for di reise. Mappa får du av flyselskapet ved innsjekking.
Alle barn må ha eige pass
På generelt grunnlag krevst pass eller ID-kort med bilete for å kontrollere identitet òg innanlands, og alternative metodar for ID-sjekk og/eller følgje av barnet varierer frå flyselskap til flyselskap.
Barnevogn og barnesete er spesialbagasje
Sjekk inn vogna eller setet på vanleg måte i skranke eller automat, då får du ein eigen bagasjelapp. Ta bagasjen med til ein eigen skranke for spesialbagasje.
Fyll vatn på flyplassen
Har du med ein tom drikkeflaske gjennom tryggingskontrollen og ønskjer å fylle på denne, kan du gjere dette fleire stader i terminalen på alle flyplassane. Alle påfyllingsstasjonane er merkte med skilt.
Planlegg godt med Avinor sin passasjerapp
For å gjere reisa enklare for deg som passasjer, tilrår vi at du lastar ned Avinors reiseapp. Neste gong du skal ut å reise, kan du legge inn flyet ditt i reiseappen eller på avinor.no og få oppdatert informasjon om tid til avreise, kvar du kan sjekke inn, ventetid i sikkerheitskontroll, bagasjeband m.m.
Last ned appenDet er gratis Wifi på flyplassen
Vi tilbyr trådlaust internett på flyplassane. Du får gratis tilgang i fire timar.
Lær meir om Wi-Fi på flyplassen her.
Fasilitetar på Stavanger lufthamn
Vi tilbyr barnevogner til gratis utlån etter tryggleikskontrollen. Desse kan disponerast heilt fram til reisa byrjar.
Vi ynskjer at reisa skal vere så hyggeleg som mogleg for alle våre passasjerar, inkludert dei små. Vi har fleire butikkar som imøtekjem familien sine behov. Det vere seg at du treng solkrem, frukt eller noko som underheld barna på reisa.
Vi har også fleire familievennlege restaurantar, og høve for å kjøpe ein barnevennleg snack på veg til flyet. Dei tilsette er hjelpsame med å få varma barnemat/flasker på alle av våre serveringsstader i terminalen.
Vi har stellebord inne på HC-toalett ved gate 17 og gate 21, samt i innsjekkingshall og ankomsthall.
Du finn ammerom med stolar, samt stellebord ved gate 10B. Her er òg ein mikrobølgjeomn til å varme medbrakt barnemat.
Vi har eit stort leikeområde med fleire aktivitetar som barna kan kose seg i medan dei ventar på at flyet skal gå. Dette finn du ved gate 19 på innland. Du finn også eit leikeområde ved gate 11 på utland.
Spørsmål og svar om å reise med barn:
Pass og ID-bevis
På generelt grunnlag krevst pass eller ID-kort med bilete for å kontrollere identitet òg innanlands, og alternative metodar for ID-sjekk og/eller følgje av barnet varierer frå flyselskap til flyselskap. Sørg for å setje deg inn i kva krav flyselskapet ditt stiller dersom du har barn som skal reise åleine.
Barn uansett alder skal ha eige pass ved reiser som krev dette ut av Noreg, og blir ikkje lengre innført i foreldras pass.Sjå korleis du søkjer om pass for barn på politiet sine nettsider.
Utstyr
Både barnevogn og barnesete er spesialbagasje! Sjekk inn vogna eller setet på vanleg måte i skranke eller automat, då får du ein eigen bagasjelapp.
Ta bagasjen med til ein eigen skranke for spesialbagasje.
Her er det mogleg å kjøpe posar som beskyttar vogna/setet, hugs å feste bagasjelappen godt synleg utanpå posen.
Hvis du vil beskytte vogna ekstra godt på reisa, kan du leige utstyr til dette på Airshells, som du finn på enkelte flyplassar.
Nokre reisetrillar kan du ta med som handbagasje, sjekk med flyselskapet ditt om kva trillar det gjeld.
Nokre flyplassar har òg reisetrillar som er mogleg å låne.
På lengre flyturar kan det vere verdt å vurdere å leige ei babyseng til dei aller minste, via Airshells som du finn på visse flyplassar.
Born som reiser aleine
Born kan reise åleine frå fylte 5 år.
Barn mellom 5 og 12 år som reiser åleine får ei mappe med reiseinformasjon som dei må bere synleg under heile reisa. Reglane kan variere frå selskap til selskap, så hugs å sjekke med ditt flyselskap kva reglar som gjeld for di reise. Mappa får du av flyselskapet ved innsjekking.
Om barn som reiser aleine må bytte fly, blir dei tatt vare på av flyselskapet.
Ein føresett kan følgje barn som reiser aleine innanlands eller utanlands heilt ut til flyet. Du får eit ledsagarbevis når de sjekkar inn.
Går reisa utanfor Schengen kan ein føresett følgje til passkontrollen.
Flyselskapet er ansvarleg for barnet under heile reisa.
Ved innsjekking må du oppgi kven som skal hente barnet. Det er viktig at den som hentar tek med legitimasjon og er den same som står oppført.
Sikkerheitskontrollen
Sjølv om det ikkje er lov å ta med væske, så kan du likevel ta med mat og drikke som er naudsynt for reisa, til dømes barnemat og morsmjølkerstatning. Behaldarane kan innehalde meir enn 100 ml, og treng ikkje å pakkast i gjennomsiktig, lukkbar plastpose.
Ta barnematen ut av håndbagasjen når du går gjennom tryggleikskontrollen. Det kan takast stikkprøver av innhaldet i tryggleikskontrollen.
Ja, det er lov med tomme drikkeflasker. Du kan fylle vatn på ein av flyplassen sine vassstasjonar.
Ja, alt må skannast.
Nei, alle må gå gjennom maskinen åleine.