
Les Avinor sin
Avinor samlar inn og behandlar personopplysningar om kundane våre og passasjerane våre i forskjellige situasjonar. Vi tek personvern på alvor og arbeider kontinuerleg for at tenestene våre og personopplysningane dine skal sikrast best mogleg.
På denne sida finn du informasjon om korleis dine personopplysningar blir handsama av Avinor for å gje deg ei god reiseoppleving, samt meir informasjon om personvern generelt.
Personopplysningar er all informasjon som direkte eller indirekte kan identifisere ein enkeltperson.
Enkelte opplysningar krev særleg vern og blir ofte kalla for sensitive personopplysningar. Dette er opplysningar om:
Opplysningar blir rekna som personopplysningar uavhengig om dei finst som tekst, bilde, lyd- eller videoopptak.
Med behandling av personopplysningar meinast alle operasjonar som blir utførde på personopplysningar, med eller utan automatiske hjelpemiddel. Dette kan til dømes vere:
Som behandlingsansvarleg er det Avinor som er ansvarleg for at det ikkje skjer krenkingar av personvernet ved behandling av personopplysningar i vår verksemd.
Krenkingar av personvernet kan skje på mange måtar, til dømes dersom:
GDPR står for General Data Protection Regulation og er ei omfattande europeisk forordning som skal samkøyre personvernregelverket i alle EU- og EØS-land. Det vil seie at det blir like reglar for behandling av personopplysningar i alle europeiske land og at alle verksemder som behandlar europeiske borgarar får like plikter. Regelverket blei innført i EU 25. mai 2018, og endringar i den norske personopplysningslova som implementerer GDPR trådte i kraft i Noreg 20. juli 2018. Les meir på datatilsynet sin side
Hensikta med personvernregelverket er å harmonisere vern av personopplysningar og personvern for alle EU- og EØS-borgarar. Lova har fokus på at det skal vere like plikter og rettar, og enklare bruk og utveksling av personopplysningar.
For å tilby gode og effektive løysingar på våre lufthamner samlar Avinor inn og behandlar nokre personopplysningar. Som brukar av våre løysingar har du rettar når det kjem til behandlinga av din personlege informasjon.
Du har:
Ved fleire løysingar på våre flyplassar kan det vere avgrensa høve til å utøve alle rettar. Dette fordi det er krav vi som lufthamnsoperatør er pålagde å etterkomme. I nokre tilfelle vil det vere informasjon vi får frå ein tredjepart. For å kome inn til sikkerheitskontrollen på ein flyplass må du, for eksempel, kunne framsyne gyldig reisedokument og du har dermed ikkje moglegheit til å unngå å få dine personopplysningar behandla i denne samanhengen.
For innsyn i opplysningane dine som vert nytta i våre kommersielle løysingar kan du sende ein epost til .
For innsyn i personopplysningar i andre løysingar, bruk kontaktopplysningane under.
For innsjekk finst det fleire løysingar: du kan velje bemanna innsjekk, sjekke inn på mobil eller nett, eller nytte dei sjølvbetjente innsjekkingsautomatane. For alle tilfella har du direkte dialog med flyselskapet ditt, og du må gjennom ei rekkje spørsmål om bagasje, seteval, registrering av passdetaljar osv. Avinor leverer maskinane som vert brukte til sjølvbetjent innsjekking, men har ikkje tilgang til informasjonen som vert handsama her. Ta kontakt med flyselskapet ditt for meir informasjon om handsaming av personopplysningar i innsjekkingssamanheng.
Om du skal levere bagasje kan også dette gjerast enten ved bemanna eller sjølvbetjent løysing. I begge tilfelle må informasjon om bagasjen sjekkast opp mot flyselskapet sitt system slik at bagasjen kan knytast til ei gyldig reservasjon på dagens dato og for å sjekke at reservasjonen gjeld frå aktuell flyplass. Løysinga for sjølvbetjent bag-drop er laga og drifta av Avinor. Det vil sei at vi handsamar informasjon om deg og bagasjen din i vårt system. Frå flyselskapet ditt mottar vi opplysningar som namn, bookingreferanse, fly- og bagasjeinformasjon. Informasjonen vert nytta for å prosessere bagasjen din, samt at bagasjelappane vert oppdaterte med aktiv status for vidare handsaming.
Når du har levert frå deg bagasjen din, vert den leverte til bagasjeanlegget på flyplassen før den lastast om bord på flyet. I bagasjeanlegget vert informasjonen på bagasjelappen nytta for å sortere kva bagasje som skal på kva fly. Bagasjeanlegget handsamar informasjonen på bagasjelappen.
Dette er ikkje direkte identifiserbar informasjon og blir nytta kun i denne løysinga.Avinor er pålagd av luftfartsstyresmaktene å sikre at kun personar med gyldig grunn skal opphalde seg på innsida av sikkerheitskontrollen, og må difor gjennomføre sjekk av reisedokument i forkant av sikkerheitskontrollen. Løysinga hentar inn namn, bookingreferanse og flyinformasjon frå flyselskapa sine system. Dersom du har fast-track-tilgang, vert også informasjon om dette nytta i denne løysinga. Dette vert lagra i systemet saman med tid og posisjon for passering. Same informasjon vil også vere tilgjengeleg i gate for effektiv handtering av ombordstiging. Løysinga beheld informasjonen for å effektivisere passasjerhandteringa medan det er naudsynt.
Sjølve utføringa av sikkerheitskontrollen vert utført av tredjepartar på oppdrag frå Avinor. Eventuelle personopplysningar for denne tenesta skjer i leverandørens system.
I tax free-butikkane leverer Avinor løysing for sjekk av gyldig reisedokument med grunnlag i tollkrav og kvoteinformasjon. Løysinga hentar inn namn, bookingreferanse og flyinformasjon frå flyselskapa sine system. Dette vert lagra i systemet saman med tid og posisjon for bruk av løysinga.
Politi og Tollvesen opererer på våre flyplassar. Dei nyttar eigne system til arbeidet sitt, men kan i enkelte tilfelle påleggje Avinor å gje innsyn i våre system.Avinor samarbeider med alle aktørar på flyplassane og kan måtte utlevere informasjon ved rettslege begjæringar.
Når du skal gå om bord i flyet kan du nytte sjølvbetent billettkontroll. Dette er ei løysing som Avinor leverer og som gjer sjekk opp mot flyselskapet sitt system for å kontrollere gyldigheit av reisedokument. Avinor mottar namn, bookingreferanse og flightinformasjon, og lagrar dette saman med tid og posisjon for passering. Flyselskapet sitt system blir oppdatert med at passasjeren har gått om bord i flyet.
Avinor leverer assistanseteneste på våre flyplassar for at alle våre passasjerar skal komme seg saumlaust til og frå sine flyvningar. For å kunne levere denne tenesta treng Avinor informasjon om deg og dine behov, samt kvar du treng assistanse frå og til. Informasjonen vi mottar er informasjonen du sjølv har gitt til ditt flyselskap, og Avinor brukar berre denne informasjonen til å levere denne tenesta.
Les meir om assistansetenesta her
Avinor videoovervakar alle sine lufthamner og dermed alle som rører seg på våre område. Dette blir gjort på forskjellige grunnlag – hovudsakleg av tryggleiksmessige grunnar, men også for operasjonelt bruk og i samarbeid med dei offentlege styresmaktene på flyplassen.Videoopptaka blir hovudsakleg lagra i 7 dagar, men kan i visse tilfelle beholdast lengre dersom det er spesielle krav som stillast til opptaket.
Avinor nyttar ein sensor-løysing på flyplassane for å berekne køtida gjennom, for eksempel, tryggleikskontrollen. Behandlinga gjeld for dette avgrensa området (ein sensor plukkar opp informasjon på veg inn i tryggleikskontrollen og ein annan sensor fångar opp informasjon på veg ut), og det vil ikkje bli henta inn meir informasjon rundt omkring på flyplassen før du eventuelt går gjennom eit nytt kømålingspunkt (passkontroll, ventetid duty free ankomst). Sensorane plukkar opp signaler frå di mobile eining (vanlegvis ein MAC-adresse frå ein mobiltelefon med blåtann aktivert). Denne informasjonen blir kryptert og anonymisert i våre system, og blir behandla berre for statistiske formål, kapasitetsberekning og for å gje informasjon om køtid til dei reisande. At informasjonen i vårt system blir kryptert og anonymisert vil seie at MAC-adressa (den identifiserbare informasjonen) frå di mobile eining blir ugjenkjenneleg slik at den ikkje kan sporast tilbake til deg.
Anonymiseringsprosedyre for WiFi/BLE/Bluetooth-sensor: WiFi/BLE/Bluetooth-sensorane fungerer ved å oppdage MAC-adresser frå mobile einingar, som for eksempel mobiltelefonar med Bluetooth aktivert. Desse signala blir fånga opp av sensorar på veg inn og ut av eit avgrensa område. Når den mobile eininga passerer sensorane, blir reisetider og bevegelsesmønster mellom sensorane berekna.
I tax free-butikkane leverer Avinor løysing for sjekk av gyldig reisedokument med grunnlag i tollkrav og kvoteinformasjon. Løysinga hentar inn namn, bookingsreferanse og flightinformasjon frå flyselskapa sine system. Dette vert lagra i systemet saman med tid og posisjon for bruk av løysinga.
For å forenkla reisa for passasjerar som kjem til Oslo Lufthamn frå utland og skal vidare innanlands, vert det tilbydd ei løysing som gjer at passasjerar kan gå gjennom eit alternativt tollfilter for å direkte koma til innlandsterminalen. Løysinga er initiert av Samferdselsdepartementet, levert av Avinor og vert brukt til tollklarering av Tollmyndigheitene, som er behandlingsansvarleg for personopplysningane.
Avinor behandlar ingen personopplysningar ved utlevering av bagasje. Ta kontakt med ditt flyselskap ved behov. Tapt bagasje skal meldast til ground handler som igjen registrerer dette i flyselskapet sine system. Flyselskapet handterer førespurnaden vidare, og sørgjer for transport av bagasje ut til passasjer.
Politi og Tollvesen opererer på våre flyplassar. Dei brukar eigne system til sitt arbeid, men kan i enkelte tilfelle påleggje Avinor å gi innsyn i våre system. Avinor samarbeider med alle aktørar på flyplassane og kan måtte utlevere informasjon ved rettslege begjeringar.
Enkelte innreiseløyve (utan visum) kan nytte sjølvbetjent passkontroll ved ankomst. Her vert pass og reisedokument kontrollert maskinelt av ei løysing levert av Avinor for Politiet.
For meir informasjon eller spørsmål knytt til personvern og vår handsaming av personopplysningar, kontakt oss på . Føretrekk du papir, send brev til:
Avinor AS
att.: Personvernombod Mari Wiker
Postboks 150
2061 Gardermoen
Les Avinor sin