Hjelp til profilen min

Her finn du svar på dei mest stilte spørsmåla om min profil

Eg får melding om at telefonnummeret allereie er i bruk.

Det kan skuldast at du har logga deg inn med ditt mobilnummer tidlegare.  

Slik gjer du:

  • Logg deg inn med mobilnummeret ditt.
  • Vel så "slett Min profil" nederst på profilsida.
  • Då vil ikkje mobilnummeret lenger vere i bruk som ein annan separat konto.
  • Logg deg så inn på nytt med di e-postadresse eller mobilnummer og passord.
  • Vel "Min profil" og legg til e-post eller mobilnummer.  
Systemet godtek ikkje passordet eg legg inn.

Passord må vere minst 7 teikn, innehalde ein stor bokstav, ein liten bokstav og minst eitt tal eller spesialteikn.  

Eg mottar ikkje ordrebekreftelse eller anna e-post frå dykk.

Kontroller gjerne følgjande:

  • Kontroller om e-posten har hamna i «søppelpost»-filteret i postboksen din.
  • Kontroller om du har skrive inn korrekt e-postadresse, og rett opp eventuelle skrivefeil.  
Eg kjem ikkje inn på Min profil. Kva gjer eg?

Sjekk at du har skrive telefonnummer og e-post korrekt.

Viss du framleis ikkje klarer å logge inn, kontakt \ teknisk support på  

Eg har gløymt passordet til Min Profil. Kva gjer eg no?

Slik gjer du:

  1. Gå til https://profil.avinor.no
  2. Skriv inn e-postadressa som er registrert på brukaren din i "Min profil" for å motta eit eingongspassord.
  3. Skriv inn eingongspassordet for å halde fram.
  4. Skriv inn det nye passordet ditt.
Kva fordelar har det å bruke “Min profil” ved førehandsbestilling av parkering?
  • Enklare oversikt over reisa di.
  • Du kan motta relevante reisetips.
  • Laupande motta status på flyreisa di.
  • Motta relevante tips om fasilitetar på flyplassen du reiser frå.
  • Sjå kvitteringar over tidlegare kjøp av parkering.
  • Enkelt administrere parkeringa di.


For å motta tips må du samtykkje til dette først.


For å kunne bruke “Min profil” hos Avinor må du gi samtykkje til at Avinor kan oppbevare dei personopplysningane som er lagra i profilen. E-postadressa di blir sletta etter 24 timar dersom du ikkje gir samtykkje.

Eg vil bruke tenesta «følg reisa». Kvifor må eg gje samtykke?

For å kunne gi deg relevante reisetips og halde deg oppdatert om status på reisa di, treng vi ditt samtykke.


Du kan følgje reisa di i Avinor-appen utan å opprette ein profil. Viss du ønskjer ein profil i Avinor må du svare «Ja» på samtykket om personvern.  

Eingongskoden for å logge inn på "Min Profil" fungerer ikkje.

Koden du mottar på SMS er gyldig i 10 minutt. Det kan hende at du må prøve å logge inn på nytt for å få tilsendt ein ny, gyldig kode.

Viss du ikkje har forsøkt å logge inn kan det vere at nokon har tasta feil mobilnummer under innlogging. Dei vil ikkje kome inn utan å bruke koden du har fått på SMS.  

Korleis lagar eg nytt passord?

Slik gjer du:

  • Logg inn på "Min profil"
  • Klikk på "Byt passord" under Kontoinformasjon

eller

Korleis slettar eg brukaren?

Slik gjer du:

  1. Logg inn på «min profil».
  2. Vel «Profil».
  3. Vel så «slett min profil».

Din profil med tilhøyrande data vil no bli sletta frå Avinor sine system.