Funne gjenstandar
Det er fort gjort å leggje igjen noko på flyplassen eller på flyet. Det kan hende ein venleg sjel har teke vare på det du har mist og levert det til hittegods på den aktuelle flyplassen.

Nyttig informasjon når du har mist eller gløymt noko på reisa di:
Nokre av våre lufthamner har eige hittegods-kontor og nokre lufthamner har ikkje dette. For dei flyplassane utan lokalt hittegods-kontor kan du ta kontakt direkte med flyplassen. Sjå kontaktinformasjon i den rosa boksen over.
Merk at opningstidene til dei ulike kontora varierer, og som regel korresponderer dei med flyplassen sine avgangar og ankomstar.
Hittegodsavdelinga på flyplassen tek vare på gløymde gjenstandar som vert funne på flyplassen og levert inn. Gløymde gjenstandar vert oppbevarte i tre månader og vert deretter sende vidare til Fretex eller til politiet sitt hittegodsavdeling.
Om du har mista eller gløymt igjen noko om bord i eit fly så må du ta kontakt med det selskapet som leverer bakketenester til flyselskapet du reiste med.
Hittegods nyttar MissingX for å registrere alle gjenstandar som er sakna og funne. Her kan du søkje eller registrere gjenstand.
Ta kontakt med hittegodsavdelinga til Flytoget.