Dronereglar
Som dronepilot er det seks viktige dronereglar du må forhalde deg til.

Ta dronelappen
- De aller fleste som flyg drone må registrere seg hos Luftfartstilsynet på flydrone.no. Du må også ta nødvendige kurs og eksamen innanfor den kategorien du skal fly drone i.
Du skal alltid sjå dronen
- Du skal alltid vite kvar dronen er i lufta og ha kontroll på omgjevnadene rundt.
Vit kvar du kan fly drone og registrer droneflyginga di
- Det finst fleire forbodssoner der det ikkje er lov å fly drone, mellom anna rundt lufthamner. Det er ei forbodssone for dronar på fem kilometer i luftlinje rundt alle norske flyplassar. Bruk Avinors dronekart og bruk droneappen Ninox Drone. Der kan du få oversikt over forbodssoner og søkje om løyve til å fly drone innanfor forbodssona til ein flyplass. Merk at frå 8. desember 2025 blir Ninox Drone erstatta med Avinors eigen droneapp Avidrone.
Ikkje fly høgare enn 120 meter
- Du har ikkje lov til å fly dronen lenger enn 120 meter unna næraste punkt på bakken.
Ikkje fly over folkesamlingar
- Vis omsyn når du flyg drone. Det er ikkje tillate å fly drone over arrangement med store folkemengder, som til dømes konsertar, festivalar eller idrettsarrangement.