Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Fly drone i Tromsø?

Det er ulovleg å fly drone i Tromsø utan løyve frå lokal lufttrafikkteneste.

Drone som flyg i lufta med uklar person i bakgrunnen, vinterkledd person med lue, nøytral bakgrunn.

I Noreg er det ei flyforbodssone for dronar på fem kilometer rundt alle lufthamner. På grunn av den sentrale plasseringa til Tromsø lufthamn, betyr dette at det er ulovleg å fly drone på heile Tromsøya, delar av Kvaløya, Tromsdalen og Tomasjord.

Har du ikkje fått løyve frå lufttrafikttenesta til å fly drone i Tromsø, risikerer du at dronen din blir beslaglagt av politiet, at du får bot og potensielt blir utvist frå Noreg om du er turist.

Her er det forbode å fly drone i Tromsø:

Søk om løyve i Ninox Drone

Har du behov for å fly drone i Tromsø, kan du søkje om løyve til dette gjennom appen Ninox Drone. Flygeleiarane i tårnet vil då vurdere førespurnaden din opp mot anna trafikk i luftrommet og anten godkjenne eller avslå førespurnaden. Får du avslag på førespurnaden din, ber vi om at dette blir respektert av omsyn til flytryggleiken.

Ninox Drone kan lastast ned anten i App Store eller Google Play Store.

Les meir om trygg droneflyging i Noreg her.