Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Avidrone

Droneappen Avidrone

Avidrone er Avinors nye droneapp som vil erstatta appen Ninox Drone.

I Avidrone får du som dronepilot ein god oversikt over forbodssoner for dronar, i tillegg til at du kan søkje om løyve til å fly innanfor forbodssona til fleire flyplassar direkte i droneappen. Avidrone gir deg som dronepilot også moglegheit til å leggje inn droneplanen din slik at flyginga di vert synleg også for andre dronepilotar i området.

Avidrone er ein heilt ny droneapp frå Avinor som framleis er under utvikling. Det vil etter kvart bli rulla ut fleire funksjonar i droneappen som skal gjere det enklare for deg som flyg drone.

Dette kan du forvente i fyrste utgåve av Avidrone

Oversikt over luftrommet

Ei utfordring mange dronepilotar opplever er å halde oversikt over kva restriksjonar som gjeld i ulike luftrom. Avidrone skal bidra til å gjere dette meir forståeleg og brukarvennleg.

Flygetillatelsar

Avidrone gjev deg som dronepilot moglegheit til å søkje om løyve til å fly drone innanfor forbodssona på fem kilometer til ei rekkje flyplassar. Dette gjeld for følgjande flyplassar:

Oslo lufthamn, Bergen lufthamn, Trondheim lufthamn, Stavanger lufthamn, Bodø lufthamn, Tromsø lufthamn, Sandefjord lufthamn, Kristiansund lufthamn, Haugesund lufthamn, Alta lufthamn, Bardufoss lufthamn, Harstad/Narvik lufthamn, Kirkenes lufthamn, Andøya lufthamn, Lakselv lufthamn, Mo i Rana lufthamn, Ørsta/Volda lufthamn, Vadsø lufthamn, Sørkjosen lufthamn, Sandane lufthamn, Mosjøen lufthamn, Båtsfjord lufthamn.

Oversikt over luftrom

Avidrone vil gi brukarane eit betre situasjonsbilete av aktivitet i luftrommet gjennom å introdusere fleire overvakingskjelder. Dette for å auke tryggleiken til både dronepilotar og andre brukarar av luftrommet.