Fly drone i Noreg
Her finn du naudsynt informasjon om å fly drone i Noreg, oversikt over kvar du kan fly drone, og kva du må tenkje på før du skal fly drone rundt Avinor sine flyplassar.

Skal du fly drone i Noreg er det viktig å hugse på at du treng løyve frå lokalt tårn til å fly innanfor fem kilometer frå ein lufthamn. Vi anbefaler dronepilotane å laste ned appen Ninox Drone og nytte seg av den for å søkje om løyve digitalt ved dei lufthamnene det gjeld.
Sjå menyen under for meir informasjon om trygg droneflyging i Noreg.