Dronar
På denne sida finn du oversikt over kvar du kan fly drone, og kva du må tenkje på før du skal fly drone rundt Avinor sine flyplassar.

Registrer flyginga di i Ninox Drone
Uavhengig av om ein skal fly rundt ein lufthamn eller ikkje, blir dronepilotar oppfordra til å registrere alle flygingane sine i Ninox Drone.
Her kan du leggje inn flygeplanen din slik at andre dronepilotar, helikopter og fly kan sjå kvar du flyg. Du kan òg sjå flygeplanar frå andre dronepilotar i same område.
Dronekart
Avinor Dronekart viser kvar du har lov til å fly. Kartet viser 5 km-sonen rundt kvar lufthamn der det krevst løyve for å fly drone. Det viser òg reglar og kontaktinformasjon til alle lufthamner. Sjå dronekartet her.
Søk løyve om du treng å fly nærmare ein lufthamn.
Dronereglar
Luftfartstilsynet.no har rettleiingar for dronar.
Gå til Flydrone.no for å registrere deg, ta eksamen og merke dronen.
Dronar er luftfartøy og må forsikrast hjå eit forsikringsselskap.
Få deg ansvarsforsikring.
Hald avstand på 5 km frå lufthamner.
Bruk Avinor Dronekart og Ninox Drone for å sjå soner og søke om flyging.
Du skal alltid kunne sjå dronen.
Maksimal flyhøgde over bakken er 120 meter.
Unngå å fly over personar og folkemengder.
Besøk Datatilsynet og NSM for meir informasjon.
Hald 150 meter avstand frå busetnad.
Hald minst 30 meter avstand frå personar.
Droneprogram
Avinors droneprogram legg til rette for vekst i bruken av dronar i Noreg.
Droneprogrammet er delt inn i fire område:
- 1
Integrering av dronar i luftrommet
Digitale system for styring av luftrom med store voluma av dronar og avanserte operasjonar. Ninox Drone er Avinors UTM-system (Uncrewed Traffic Management)
- 2
Deteksjon av dronar
Sikre luftrommet for å unngå konflikt mellom dronar og bemanna luftfart. C-UAS (Counter - Uncrewed Aerial Systems)
- 3
Infrastruktur og bakketjenester
Tilpasse eller bygge infrastruktur for ny luftmobilitet med store passasjer- og fraktdronar.
- 4
Dronar til Avinor sin drift
Bruk av dronar til inspeksjon og andre oppdrag på eigne flyplassar for å effektivisere drift av flyplassar, samt auke kvalitet og tryggleik.