1. Kor kan eg få tak i ein gjenlukkbar, gjennomsiktig plastpose?

    Posane kan kjøpast i dei fleste daglegvarebutikker. Posar vil også vere tilgjengelige ved inngangen til tryggingskontrollen på dei fleste flyplassar.

  2. Kan eg ta med leppestift eller deo-stick i handbagasjen?

    Ja, kosmetikkartiklar med fast innhald kan takast med i handbagasjen. Roll-on deodorant inneheld væske, og må leggjast i posen (sjå over).

  3. Kan eg ta med barnemat i handbagasjen?

    Ja: mat som er naudsynt på reisen er tillate å ha med. Dette omfattar både barnemat (morsmjølk, barnemat i glas o.l.) og anna mat som er naudsynt. Barnemat er unntatt 100 ml regelen. 

  4. Kan eg ta med medisin i handbagasjen?

    Ja, medisin som er naudsynt for bruk på reisen er tillate å ha med. Resept eller attest frå lege må medbringast dersom medisinen ikkje er merka med etikett frå apotek. Medisinar er unntatt 100 ml regelen. 

  5. Korleis unngå at tax-free posen stoppast i tryggingskontrollen?

    Handleposen må vere forsegla, og kvitteringa må ligge godt synleg inni posen. Forsegla tax-free pose kan bli opna for analyse av flytande innhald. Dersom du skal reise vidare etter første flyging (transfer) må du informere tryggingskontrollørane om dette. Dei vil då forsegle dine tax-free varer i ein ny pose.

  6. Hvilke matvarer er tillate å ha med i handbagasjen?

    Døme på matvarer som er tillate: frisk frukt, heile egg, tørr kakebotn, kjeks, kjøtt, brunost. Ein typisk matpakke til eige behov er også lov, dømesvis med smør, skinke og ost. Hugs også at du kan ta med ei tom drikkeflaske gjennom tryggingskontrollen, og fylle den gratis med vatn i terminalen. 

  7. Kan eg ta med kake?

    Du kan ta med tørre kaker og kjeks. Kaker som inneheld krem, eller anna flytande eller smørebart fyll, er ikkje tillate.

  8. Kan væske sendast i innsjekka bagasje?

    Sjekk med flyselskapet du reiser med, ikkje alle selskap tillèt flasker i innsjekka bagasje.