Miljø og lokalsamfunn
Avinors aktivitetar påverkar miljøet globalt og lokalt. Vi tek difor miljøansvar og jobbar aktivt med å redusere denne påverknaden.

Klima og miljøpolicy
Avinor skal vere ein drivkraft i arbeidet med luftfartens klima- og miljøutfordringar.
Avinor sin klima- og miljøpolitikk her.Støysonekart
Avinor har ansvar for kartlegging og handtering av støy frå sivil luftfart. Kvar lufthamn er pålagd å utarbeide eit støysonekart.
Støysonekartet kan finnast her.Byggjerestriksjonsområde
Byggrørestriksjonsområde (BRA) er kart over område med restriksjonar i forhold til utbygging rundt lufthamnene.
Avrenningskart
Avrenningskartet viser avrenning på Avinors lufthamner.
Du kan finne avrenningskartet her.PFAS
Avinor har, etter pålegg frå Miljødirektoratet, sett i gang eit omfattande oppryddingsarbeid for å hindre at PFAS-forbindelsar spreier seg i naturen.
Lær meir om PFAS herUtsleppsløyve
Avinors utsleppsl øyve er tilgjengelege på www.norskeutslipp.no under Landbasert industri og Flyplassar.
Norskeutslipp.no
Les meir om arbeidet med miljø og lokalsamfunn på Trondheim lufthamn her:
Energi
Energileiing og kontinuerleg fokus på energisparande tiltak skal redusere energiforbruket på Trondheim lufthamn Værnes med 25 % innan 2020.
Vårt nyaste terminalbygg er bygd etter BREEAM-standarden, med miljørette val av materiale og produkt i eit livsløpsperspektiv. Bygget har betydeleg lågare energiforbruk samanlikna med bygg oppført etter standarden TEK 10.
Tilkobling av tårn og terminal innland til lufthamna sin energisentral, ny LED-belysning, utvendig solavskjerming og utskifting av ventilasjonssystem er òg med på å redusere energiforbruket relatert til lufthamndrift.
Innkjøpt energi har òg eit CO2-avtrykk og bidreg til oppretthaldinga av klimanytralitet i bransjeordninga Airport Carbon Accreditation (ACA).
Avfall
Ein lufthamn genererer mykje avfall. Vi jobbar for ei best mogleg avfallshandtering, og har som mål å oppnå lågast mogleg miljø- og klimapåverknad frå avfallshandteringa. Avinor har ein sentral renovasjonsavtale som skal sikre fokus på god kjeldesortering og sluttbehandling.
Vårt matavfallsanlegg fjernar feitt og vatn frå avfallet slik at volum og vekt blir redusert med 90 %. Transporten av matavfallet er dermed redusert frå ein lastebil i veka, til ein lastebil i året.
Klima
Trondheim lufthamn Værnes skal redusere eigne kontrollerbare klimagassar med 50 % innan 2022. Biodrivstoff utan palmeolje (HVO) og elektrifisering av eigne køyretøy, GPS-styrt utleggar for baneavisingskjemikaliar og redusert energiforbruk er tiltak som bidreg til denne måloppnåinga og klimnøytralitet i bransjeordninga Airport Carbon Accreditation (ACA).
Togterminal med direkte tilkomst til terminalen, terminalnær haldeplass for rutegåande buss, flybuss på biodrivstoff og ladestasjonar for elbilar gjer eit miljøvenleg transporttilbod til og frå lufthamna mogleg.
Kurve innflygingar, flytekniske tiltak og utskifting av eldre fly reduserer forbruket av drivstoff og dermed utslepp frå flytrafikken. Trondheim lufthamn Værnes er knutepunkt for kortbanenettet og vil vere ein sentral aktør når flytrafikken blir elektrifisert.
Spørsmål om miljø eller berekraft på Trondheim lufthamn?
Kontakt:
Rådgivar kvalitet og ytre miljø
Debbie Tempest Onsøien
Telefon: +47 93 46 26 99
E-post:
```