Drop-in parkering
Kom og dra når det passar deg – og betal etter avslutta parkering.

Pris og informasjon om parkeringsområda
På Trondheim lufthamn ("Værnes") er det ca.3800 parkeringsplassar.Det er automatisk skiltgjenkjenning på alle parkeringsområda, slik at det er enkelt for alle å nytte seg av parkeringstilbodet.Systemet er billettlaust.
Ved førehandsbestilling gjeld eigne prisar og vilkår.
*Ordinære prisar gjeld òg for motorsyklar, mopedbilar og mopeder på Trondheim lufthamn.
Korttidsparkering når du skal hente og bringe
Skal du bringe eller hente nokon til Værnes, køyrer du inn i p-huset og vel du køyreretninga rett frem.Her finn du plassar for hente & bringe.Inn- og utkøyring innan 7 minutt er gratis.Elles kostar det 50 kroner pr påbyrja 20.minutt frå innkøyringstidspunktet.
Om du treng parkeringsplass for køyretøy med ei høgd over 2,10 meter har vi eigne parkeringsplassar for dette.Køyr til parkeringshuset, vel høgre køyreretninga.Følg skiltet "Utkøyring " og sving til høgre.
Spar tid og pengar og bestill på førehand
Spar tid og pengar ved å bestille parkering på førehand.Dette gjerast på nett og du vel sjølv kvar du vil parkere og betaler med det same.Bestill parkering her Parkering - Trondheim lufthamn - Avinor.
Slik fungerer skiltgjenkjenning:
Ved skiltgjenkjenning startar og stoppar parkeringa automatisk ved inn- og utkøyringa.
- Ved ankomst treng du ikkje gjere noko
- Ved avreise kan du velje mellom fleire produkt & tenester:
- Parkering med gyldig mobilapp, med eller utan autotrekk.Last ned appen APCOA FLOW i Appstore eller Google Play. Registrer ein profil og vel "autotrekk" i appen, så blir betalinga trekt automatisk kvar gong utan at du treng å gjere noko.Nyheit!Enkel registrering og betaling med Vipps.
- Parkering med betaling på automat ved avreise
Om du ikkje nyttar app eller automat ved avreise, så vel du produktet Park & Go.Då treng du ikkje foreta deg noko på staden.Vel mellom to produkt:
- "Park & Go Web" innan 48 timar etter utkøyring på flow.apcoa.no.
- "Park & Go" fakturert til køyretøyets registrerte eigar.Fakturagebyr tilkjem: kr 10,- inkl.mva for privatkundar / kr 47.2,- eks.mva for bedrifter med registrert organisasjonsnummer.
For brukarar som ikkje kan laste ned appen i norske Appstore / Google Play, så kan nettsida flow.apcoa.no brukast.Du kan enten registrere ein profil eller bruke sida anonymt ved å søke etter registreringsnummer.
P3 Korttid / Kiss & Fly |
|
Pris | |
Inntil 7 min | Kr - |
Per påbyrja 20 min | Kr 50 |
Inntil 60 min | Kr 150 |
2 timar* | Kr 300 |
1 døgn | Kr 500 |
* Ved parkering utover 2 timar inntreff døgnpris | |
Gangavstand til terminal | 1 minutt gang |
Under tak | Ja |
Elbil lading | Nei |
Forflytningshemma | Ja |
Betalingsautomat | Ja. |
P3 Langtid
Parkering - Trondheim lufthamn - Avinor
Parkering - Trondheim lufthamn - Avinor