Vatn og grunn
Vi overvaker jamleg grunnvatn og nærliggjande vassmiljø ved Oslo lufthamn for å sikre at våre aktivitetar ikkje forureinar. Det er òg investert betydeleg i system som samlar opp og reinsar forureining før den kan nå naturen.

Overvaking
Oslo lufthamn overvaker vassmiljøet for å oppdage forureining og endringar i vasskvalitet. PFOS-forureina område blir følgde spesielt tett med hyppige prøvar og rapportering.
Klikk her for å gå til sida.Avvising
På grunn av krav om flytryggleik er det nødvendig å avise fly om vinteren på Oslo lufthamn. Oslo lufthamn bruker dei mest miljøvenlege avisingsvæskene som finst.
Klikk her for å gå til sida.
Aktivitetar ved Oslo lufthamn skal ikkje medføre ny grunnforureining eller redusert miljøtilstand i vassmiljøet. For å vere sikker på at dette ikkje skjer tek vi prøver av grunnvatnet, bekkene, elvane og innsjøane på Gardermoen fleire gonger i året. Vi har òg brukt betydelege ressursar på oppsamlingssystem og reinseanlegg for å hindre at forureining slepp ut i naturen.
Krav til drifta av flyplassen
Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har stilt strenge krav til drifta av Oslo lufthamn. Miljødirektoratet har gitt oss ein utsleppsløyve som bestemmer kor mykje avisingskjemikaliar, olje og varmt vatn vi kan sleppe ut til miljøet. Vi rapporterer utsleppsdata til Miljødirektoratet kvart år slik at dei kan følgje med på at vi overheld krava i utsleppsløyva. NVE har gitt oss ein løyve som stiller krav til korleis vi påverkar grunnvassbalansen.
Vi er pålagt å overvake nærliggande bekkar, elvar og innsjøar etter vassforskriftene sine bestemmelsar. Resultata frå denne overvakinga blir samanstilte i ein eigen rapport som blir sendt til Miljødirektoratet årleg. Frå og med 2018 skal desse dataa òg rapporterast til databasen Vassmiljø.
Grunnvatnet ved lufthamna
Oslo lufthamn ligg på Noregs største grunnvassmagasin. Grunnvassmagasinet er om lag 100 km2 stort, og flyplassområdet dekkjer ein tiandedel av dette arealet. Djupna til grunnvasspeilet inne på flyplassområdet er frå 2-30 meter.
For å halde flya og rullebanane frie for is om vinteren må banesystema og flya sprayast med avisingskjemikalie. På Oslo lufthamn bruker vi format til å avise banesystema og glykol til å avise flya. Nokre av desse kjemikalia ender opp på grøntområda langs rullebanane.
Grunnen langs rullebanane fungerer som jordrenseanlegg for avisingskjemikalia. I jorda er det mikroorganismar som bryt ned kjemikalia slik at dei svært sjeldan når ned til grunnvatnet. For å få dette til å skje må mikroorganismane ha tilgang til nok oksygen. I enkelte område er det for lite oksygen til at avisingskjemikalia blir brotne helt ned, og i desse områda har vi etablert eit anlegg som blæs luft ned i grunnen og grunnvatnet.
Grunnvatnet og grunnen på flyplassen er enkelte stader framleis forureina av tidlegare aktivitetar frå før utbygging av hovudflyplassen, spesielt frå Forsvarets aktivitetar og aktivitetar som fann stad under 2. verdskrigen. I seinare tid har vi òg hatt nokre utilsikta utslepp som har ført til at grunn og grunnvatn har blitt forureina i enkelte område. Desse områda blir fulgt opp, og vi har iverksett tiltak i område der det er fare for spreiing av forureining.
I samband med brannøvingar har det blitt nytta brannskum som inneheldt fluorforbindelsar, mellom anna miljøgifta PFOS. Dette var før ein visste om dei helse- og miljøskadelege effektane av PFOS. I dag går det føre seg omfattande oppryddingstiltak ved dei PFOS-forureina lokalitetane for å hindre at PFOS spreier seg til kringliggande vasstilførsler. Det er etablert reinseanlegg som pumpar opp grunnvatn, reinsar grunnvatnet i eit karbonrenseanlegg og pumpar PFOS-fritt grunnvatn tilbake til grunn for å oppretthalde grunnvassbalansen. Det går også føre seg tiltak for å fjerne PFOS-forureina massar.