På Oslo lufthamn blir det i dag brukt den mest miljøvennlege væska som finst på marknaden. Ho er ikkje karakterisert som ei miljøgift. Tilsetjingsstoffa i væska utgjer < 1% og er heller ikkje giftige for miljøet rundt flyplassen med dei mengdene som blir brukte. Avisinga blir gjort dei dagane i vintersesongen der det snør, er underkjølt regn eller det blir rim som festar seg på flya.
Kva består avisingskjemikalia av?
På Oslo lufthamn blir det brukt ei blanding av varmt vatn og glykol som avisingskjemikalia. I tillegg til glykol inneheld væska òg tilsetjingsstoff. Dette er for å gi væska den rette eigenskapen for at krava til flytryggleik skal bli møtte.
Blandingsforholdet er avhengig av lufttemperaturen. Dei dagane temperaturen er rundt null, blir det brukt hovudsakleg varmt vatn, og dei dagane med låge temperaturar blir ein større del glykol brukt.
Korleis føregår avisinga?
Avisinga føregår på tre avisingplattformar avhengig av kva rullebane og kva retning flya skal ta av. På alle avisingplattformane, samt langs taksebanane og heilt i byrjinga av rullebanene er det oppsamlingssystem som samlar opp overvatn og avisingskjemikalia. Alle kjemikalia som fell av flya innanfor dette området blir samla opp, og blir handtert på ulike måtar. På Oslo lufthamn blir det samla opp ca. 80 % av avisingskjemikalia som blir brukt.