Vedteken støyforskrift
26. mai 2016 trådde ein revidert støyforskrift utarbeidd av Luftfartstilsynet i kraft for Oslo lufthamn. Føremålet med forskrifta er å unngå unødige støypåverknader i områda rundt OSL, og samtidig ivareta omsynet til tryggleik, operative forhold, kapasitet og andre miljøforhold. Forskrifta opnar for permanent bruk av kurva innflyging, der trajektoria er lagd mellom tettbygd område. Forskrifta angir også ein justert utflygingskorridor for utflygingar frå lufthamna sitt nordaustre hjørne.
Dette er difor eit særs viktig premissdokument både for Noregs hovudflyplass og for lokalmiljøet rundt lufthamna.