Lokal luftkvalitet
Lokal luftkvalitet
Luftkvalitetskartlegging rundt Oslo lufthamn
Avinor Oslo lufthavn har engasjert Norsk institutt for luftforsking (NILU) til å gjennomføre ei oppdatert kartlegging av luftkvaliteten på og rundt Oslo lufthamn. I tillegg har Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Mycoteam bistått i kartlegging av mogleg anna påverknad frå flyplassen på nærmiljøet.
Kartlegginga hadde fire fokusområde:
- Korleis er luftkvaliteten rundt Oslo lufthamn? (NILU)
- Er lukta av jetdrivstoff som oppstår enkelte gongar helseskadeleg? (NILU)
- Skyldast sverting på bustader rundt Oslo lufthamn utslepp frå fly? (Mycoteam)
- Påverkar flytrafikken ferskvatna rundt Oslo lufthamn? (NIVA)
Oppsummering av resultata er skildra under:
Berekning av luftforureining er gjort i eit modellområde på 9 x 12 km rundt flyplassen. Nærområdet av lufthamna blir påverka av utslepp frå fly i lufta, fly på bakken, bakkeaktivitet, vegtrafikk og bustadoppvarming. I bustadområde nærmast Oslo Lufthamn er påverknad av luftkvalitet frå flyplassens verksemd størst for komponenten NO2, medan forureining av partiklar (PM10 og PM2,5) er dominert av bidrag frå kjelder utanfor modellområdet.
Framskrivingar der auka trafikkmengde og endra trafikkmønster er teke omsyn til, viser ei reduksjon av konsentrasjon fram til 2030 for NO2 og PM2,5, og ein liten auke i konsentrasjon for PM10 som er knytt til auke i vegtrafikk og fortsatt bruk av piggdekk.
Berekning av luftforureining i eit modellområde viser ikkje overskriding av grenseverdiar og nasjonale mål for luftkvalitet for komponentane NO2, PM10 og PM2,5.
Berekna nivå i dei mest belasta områda, som ligg inne på flyplassen, er på same nivå som berekningsresultat for sentrumsområde i mellomstore byområde i Noreg.
Såkalla fuel-dumping frå langdistansefly som i ein naudssituasjon etter avgang må returnere til same lufthamn, er ytterst sjeldan førekome ved Oslo lufthamn og er difor ikkje kjelde til lukt av jetdrivstoff. Likevel kan lukt av jetdrivstoff oppstå ved taxing av fly og ved handtering av jetdrivstoff og anna bakkeaktivitet på flyplassen. Konsentrasjonsnivå av jetdrivstoff over luktterskelen kan førekome i korte periodar og med avgrensa utbreiing.
Sporadisk lukt av jetdrivstoff rundt flyplassen er ikkje helseskadeleg. Dei målte nivåa er langt under grensene for helsefare.
Misfarginga på prøvetatte husfasadar i ulike område rundt lufthamna skuldast svertesopp og ikkje sot frå flyeksos. Det er påvist sotpartiklar i alle prøvene, men stort sett ingen unormale mengder. Imidlertid er misfarging på grunn av svertesopp eit aukande problem på overflatebehandla utvendig treverk. Dette skuldast strengare restriksjonar på bruken av soppdrepande middel i måling.
Sverting på bustader skuldast svertesopp.
Det er vanskeleg å finne konkrete haldepunkt for at flyeksos i seg sjølv bidreg til utslepp som kan føre til deposisjon til vatn og vassdrag då sotpartiklar er sterkt hydrofobiske, og heller ingen andre komponentar i flyeksos er surfaktantar. Imidlertid er det teoretisk mogleg at glykol som blir nytta til avising av fly, kan ha effekt og påverknad på ferskvassøkologi. Glykol er ein kraftig surfaktant og kan difor potensielt bidra til å endre overflatespenning på vatn. Dette er førebels ikkje verifisert med studiar i felt gjennom sommarhalvåret.
Flytrafikken si mogelege påverknad på ferskvatna er usikker.
For meir info, les eit samandrag av rapporten her: Luftkvalitetsberekningar- Oslo lufthamn -kortversjon.pdf