Klima

Utslepp frå fly påverkar klima både globalt og lokalt, men også flyplassdrift har ein klimapåverknad.

Klimaprogram

Utslepp av klimagassar er vår tids største utfordring.Det er internasjonal semje om at auken i den globale gjennomsnittstemperaturen skal avgrensast til 2˚C i forhold til førindustriell tid.Alle sektorar i samfunnet – inkludert luftfart – må bidra til å redusere klimagassutsleppa.

Klimarekneskap

På Oslo lufthamn har vi kartlagt klimagassutslepp kvart år sidan 2006 og har presentert desse i eit klimarekneskap, utarbeidd i samsvar med The greenhouse gas protocol og ISO 14064.Klimarekneskapet vårt omfattar utslepp knytt til alle Avinors eigne aktivitetar, kategorisert som direkte eller indirekte utslepp, og eit utval av indirekte utslepp frå andre kjelder.Videre har Oslo lufthamn vore ein Airport carbon accreditation (ACA)-flyplass, på høgaste nivå i ordninga, sidan 2009.Klimarekneskapet for Oslo lufthamn og ACA-søknaden blir verifisert av tredjepart.

For å kompensere for attverande klimagassutslepp som Oslo lufthamn kontrollerer, blir det investert årleg i utsleppsrettar gjennom FNs grøne utviklingsmekanisme (Clean development mechanism, CDM).

Køyretøy

Avinor har rammeavtale for kjøp av avansert biodiesel, som er eit klimavennleg drivstoff som oppfyller EUs berekraftskriterium og er garantert utan palmeolje eller palmeoljeprodukt.Avansert biodiesel blir brukt på køyretøy som ikkje førebels kan elektrifiserast.

I løpet av rapporteringsåret 2019 stod forbruket av biodiesel for over 80 prosent av totalforbruket av diesel på eigen køyretøypark.

Køyretøyparken av administrative køyretøy ved Oslo lufthamn bestod ved utgangen av 2019 av 19 nullutsleppskøyretøy, og elbil-parken gjekk til saman 46.843 km. Sammen med over 1 million liter trekt avansert biodiesel, førte dette til ein total reduksjon i utslepp av klimagassar på over 2.700 tonn CO2.

Per 2019 hadde Oslo lufthamn omtrent 850 ladetilbod for elbilar og det er innført ei ny ladeinfrastruktur. Oslo lufthamn fekk levert åtte elektriske bussar skyttelbussar på flyside i august 2020, med naudsynt teknisk infrastruktur. Det er også gått over til avansert biodiesel som fyringsmedium på eigne fyringsanlegg.

Auka kollektivdel

Tilbringartenesta, altså korleis våre passasjerar tek seg til og frå lufthamna, er vår nest største utsleppskjelde av klimagassar. Oslo lufthamn er ein pådrivar og tilretteleggjar for at mest mogleg av transporten til og frå lufthamna kan skje med kollektive transportmiddel. Kollektivdelen var i 2019 på 72 prosent. Dette er blant dei høgaste i verda. Det blir blant anna jobba med insentiv for å flytte dei såkalla «kiss&fly»-reisande over til kollektivtransport. Ei skiltattkjenningsløysing på forplass blei innført i 2018 og inneber at køyretøya må betale for eit opphald utover ein gitt gratistid.

Utslepp frå flytrafikken

Gjennom krummede innflygingar blir drivstofforbruket og klimagassutsleppa reduserte.