Oslo lufthamn har fornybare energiløysingar og reduserer energiforbruket gjennom energileiing og ENØK-tiltak.
Eit eige fjernvarme- og fjernkjøleanlegg sørgjer for at bygga på Oslo lufthamn held riktig temperatur gjennom heile året. Varmen og kjølinga blir hovudsakleg produsert av varmepumper, som hentar energien frå tre forskjellige kjelder:
- Returvarmen i eigen energikrets.
- Grunnvassanlegget vårt, som består av ni varme og ni kalde grunnvassbrønnar, der overskotsenergi kan lagrast og gjenvinnast.
- Gjenvunnen energi frå avlaupsvatnet til Ullensaker kommunes reinseanlegg.
Verdas fyrste flyplass med snøkjøling
Kvar vinter blir enorme mengder snø samla opp på Oslo lufthamn. Snøen blir delt i to kategoriar, rein og urein, det vil seie om ho er med eller utan kjemikaliar frå baneavisning.
Den ureine snøen blir samla opp, og når ho smeltar, går det forureina vatnet til kommunen sitt reinseanlegg og blir forvarma av gjenvunnen varme. Den reine snøen får smelte på naturleg vis og sige ned i grunnen. På Oslo Lufthamn er dette viktig for å oppretthalde vassbalansen i grunnen. Det er ein del av konsesjonskrava for å få drive flyplassen.
Men fyrst blir den reine snøen samla opp i eit stort snølager forma som eit basseng. Når det er fullt blir bassenget dekt med sagflis. Sagflis isolerer godt og gjer at vi kan ta vare på kulden som ligg i snøen og isen. Kulden frå smeltevatnet blir utvunne i ein varmevekslar og overført til det sentrale kjøleanlegget. Smeltevatnet blir ført tilbake til lageret der det på nytt «varmevekslast» mot snø og is i snølageret for deretter å gjennomgå ny syklus med overføring av kulde mot sentralt kjøleanlegg. Energien i snøen og det kalde smeltevatnet skal brukast til å kjøle ned Pir Nord på varme dagar.
Etter kvart som snøen og isen i snølageret smeltar blir det eit overskot av reint smeltevatn. Dette blir sleppt gradvis ned i grunnen og bidrar til å oppretthalde vassbalansen i grunnen.