P-Område på Oslo Lufthamn

P-områda på Oslo lufthamn

På Oslo lufthamn finn du ca. 20 000 parkeringsplassar, fordelt på to parkeringshus og åtte parkeringsområde utandørs.

Det er skiltgjenkjenning/Autopay på alle parkeringsområda på Oslo lufthamn, inkludert korttidsparkering og parkeringshus.

Du kan førehandsbestille parkering her.

  

P10 - Innandørs P-område ved terminalen

P10 er eit innandørs p-område på Oslo Lufthamn, lokalisert rett ved terminalen.

Parkeringsområdet er anbefalt for reisande som ønskjer ein komfortabel parkering under tak med umiddelbar nærleik til terminalen.

Følg skilting mot Oslo lufthamn og P-hus P10. 

Øvrig informasjon om P10

Parkering må bestillast seinast 5-24 timar før innkøyring, avhengig av parkeringsprodukt. Våre reisande kan bestille minimum 5 timar og maksimalt 43 døgn avhengig av valt produkt. Oppgitte prisar gjeld for eit heilt døgn.

Sikker parkering: P10 P-hus er bemanna 24/7/365 og jamleg patruljert

HC parkering: På P10 finn du 34 HC plassar på felt 1H med kort avstand til gangsone inn til terminalen. Gyldig HC bevis må ligge godt synleg i frontruta.

Store bilar og hengarar: Køyretøy over 2,3 m høgde vil ikkje kunne køyre inn i P-huset. Det er ikkje tillate med bilhengjar. Standard biloppstillingsplass er 2,5 m brei. 

P2 - Utandørs P-område nær terminalen

P2 er eit utandørsområde som er anbefalt ved lengre forretningsreiser eller familieferiar.

P2 er lokalisert i kort avstand frå terminalen på Oslo lufthamn. Vi anbefaler våre reisande å berekne god tid. Heile døgnet køyrer gratis shuttlebuss direkte til terminalen med 10-15 minuttars intervall.

Følg skilting mot Oslo lufthamn og P2.

Øvrig informasjon om P2

Sikker parkering: P2 er jamleg patruljert.

HC parkering: På P2 finn du 3 HC plassar. Gyldig HC bevis må ligge godt synleg i frontruta.

Store bilar og hengarar: For parkering med bilhengar, eller bilar betydeleg lengre enn 5,5 m (t.d. bubilar), skal det avtalast på førehand. Sjå våre kontaktdetaljar på lenk under. Standard biloppstillingsplass er 2,5 meter brei.

P6 - Utandørs P-område med bussavstand til terminal

P6 er eit utandørs parkeringsområde som er anbefalt ved lengre reiser, og for kundar som ynskjer rimeleg parkering.

P6 er lokalisert i bussavstand frå terminalen på Oslo lufthamn. Døgnet rundt køyrer gratis shuttlebuss direkte til terminalen med 10-15 minutt intervall.

Vi rår våre reisande til å berekne god tid.

Følg skilting mot Oslo lufthamn og P6.

Øvrig informasjon om P6

Trygg parkering: P6 er jamleg patruljert

HC parkering: På P6 finn du 2 HC plassar. Gyldig HC-bevis må ligge godt synleg i frontruta.

Store bilar og hengjarar: For parkering med bilhengjar, eller bilar betydeleg lengre enn 5,5 m (f.eks bubilar), skal det avtales på førehand. Sjå våre kontaktdetaljar på lenkje under. Standard biloppstillingsplass er 2,5 meter brei.

Oversikt over HC-parkering

Vi har 69 parkeringsplassar dedikert til forflyttingshemma. Ved parkering på HC-plassane, må gyldig HC-bevis ligge godt synleg i frontruta.

 På HC-plassar gjeld ordinær avgift, sjå her.

Oversikt over parkeringsområde med HC-plassar:

  • P10 P-hus har 34 HC-plassar. Alle plassane finst på felt 1H.
  • P11 P-hus har 6 HC-plassar.
  • P2 har 2 HC-plassar.
  • P3 har 2 HC-plassar.
  • P4 har 8 HC-plassar.
  • P6 har 2 HC-plassar.
  • P7 har 4 HC-plassar.
  • På korttidsparkeringens avgangsnivå er det reservert tre HC-plassar.
  • På korttidsparkeringens ankomstnivå er det reservert seks HC-plassar.
GPS-posisjonar til parkeringsområda

Parkering

Innkøyring til parkeringshus Klikk her
Innkøyring til parkering P0 (utvendig parkering ved terminalen) Klikk her
Innkøyring til parkering P1 Klikk her
Innkøyring til parkering P2 Klikk her
Innkøyring til parkering P3 Klikk her
Innkøyring til parkering P4 Klikk her
Innkøyring til parkering P5 Klikk her
Innkøyring til parkering P6 Klikk her
 

Teikna kart over alle parkeringsområda på Oslo lufthamn