Overføring

Når du ankjem Oslo lufthamn kan det hende du skal vidare med eit anna fly, anten innanlands eller utanlands. Her ser du kva som gjeld av reglar for transfer og domestic transfer, mellom anna kvar du skal gå og om bagasjen din må hentast.

Overføring

Kommande frå destinasjon i Noreg som skal vidare innanlands

Følg skilting Transfer ved ankomst, finn din neste avgang på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til din gate. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente den i ankomsthallen og sjekke inn på nytt.

Ankomande frå destinasjon i Noreg som skal vidare til utland

Fylg skilting Transfer ved ankomst, finn din neste avgang på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til di gate. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente ho i ankomsthallen og sjekke inn på nytt igjen

Ankommande frå destinasjon i utlandet som skal vidare til utland

Følg skilting Transfer ved ankomst og finn din neste flight på informasjonstavla i avgangshallen og gå direkte til din gate. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente den i ankomsthallen og sjekke inn på nytt igjen.

Kommande frå non-Schengen som skal vidare til non-Schengen

Følg skilting Transfer Non-Schengen ved passkontrollen, finn din neste flyging på informasjonstavla i avgangshallen. Dersom bagasjen ikkje er sjekka inn til neste destinasjon, må du hente han i ankomsthallen og sjekke inn på nytt igjen.

Opningstider tryggleikskontrollen

Sikkerheitskontrollen (og bagdrop) stenger etter siste avgang om kvelden, og åpner rundt kl.04:00. Innenlands transfer ved gate D2 stenger også ca kl.23:00, ettersom det ikkje er avgangar før neste morgon.

Forsegling av varer

Om du skal vidare med ei flyging vil det alltid vere best å få varene forsegla, då det kan oppstå situasjonar som gjer at du må gjennom ein ny tryggleikskontroll. Du kan alltid ta med tollfrie varer i handbagasjen, føresett at den er forsegla etter gjeldande reglar. Kvitteringa skal liggje godt synleg inni posen. Passasjerane er sjølv ansvarlege for å etterleve dette.

Kart over Oslo lufthamn

Et teikna kart over flyplassen der ein ser kvar dei forskjellige ankomstane og avgangane er

Innland: Gate A, B og C

Utland: Gate D, E og F

Innanlands overføring

Kjem du frå utlandet og skal vidare innanlands?

Må eg hente bagasjen min ved domestic transfer?

Med domestic transfer kan du med enkelte flyselskap komme frå utlandet og fly vidare innanlands utan å hente ut bagasjen din. Hugs å sjekke nøye med flyselskapet ditt kva som gjeld for di reise. Ved bruk av vår Domestic Transfer-løysing, er det berre reisande med gjennomgåande billettar som kan bruke løysinga.

Om du kjem frå utlandet og skal fly vidare innanfor Noreg, er det ulike reglar for transfer basert på kva flyselskap du reiser med og kva destinasjon du kjem frå.

For å kunne nytte deg av domestic transfer må du ha bestilt ein billett med Air Baltic, Air France, Atlantic Airways, Emirates, LOT Polish Airlines, Norwegian, SAS, KLM eller Widerøe.

Vidare må billetten din vere gjennomgåande, det vil seie at du og bagasjen din er booka heilt fram til endestasjonen din i Noreg.

Sjå sjekkliste lenger ned for fleire detaljar.

Om du kjem med eit anna flyselskap enn Air Baltic, Air France, Atlantic Airways, Emirates, LOT Polish Airlines, Norwegian, SAS, KLM eller Widerøe og skal fly vidare innanlands, du ut i ankomsthallen, hente og levere eventuell bagasje, og gå gjennom sikkerheitskontrollen i avgangshallen. Dette gjeld òg for dei passasjerane som berre reiser med handbagasje.

Kva er opningstidene til domestic transfer?

Innenlands transfer er åpen frå kl. 07:00 – 23:00 alle dagar.

Åpningstider tryggingskontrollen
Tryggingskontrollen (og bagdrop) stenger etter siste avgang om kvelden, og åpner rundt kl.04:00. Innenlands transfer ved gate D2 stenger også ca kl.23:00, ettersom det ikkje er avgangar før neste morgon.

Flyselskapa eg kan nytte meg av domestic transfer med:

Med desse flyselskapa og kombinasjonane kan du nytte deg av domestic transfer:

SAS > SAS
SAS > Widerøe
SAS > DAT
Widerøe > Widerøe
Widerøe > SAS
Widerøe > Norwegian
Widerøe > DAT
Norwegian > Norwegian
Norwegian > Widerøe
Emirates > SAS
Emirates > Widerøe
Emirates > DAT
Atlantic Airways > SAS
Atlantic Airways > Widerøe
Air Baltic > SAS
Air Baltic > Widerøe
LOT > SAS
LOT > Widerøe
Air France > SAS
Air France > Widerøe
KLM > SAS
KLM > Widerøe
Sjekkliste for bruk av domestic transfer
  • Reisa di er med flyselskapa eller kombinasjonen av flyselskap nemnde i tabellen over.
  • Reisa i sin heilskap er på same dag/dato, og i tidsrommet frå kl. 07:00 – 23:00.
  • Bagasjelappen din er merkt med endeleg sluttdestinasjon og ikkje «OSL».
  • Bagasjen din består ikkje av dyr eller våpen.
Frå følgjande destinasjonar kan du ikkje nytte deg av domestic transfer:

Norsk: Bastia, Bilbao, Burgas, Dubrovnik, Ibiza, Malta, Pula, Salzburg, Sarajevo, Split, Skopje, Tirana, Tivat, Varna, Zagreb.

SAS: Dubrovnik, Tivat, Pula, Salzburg, Split

Slik bruker du innanlands overføring:
  1. Følg skilta merkte med anten «transfer» eller «connecting flights» når du går av flyet.
  2. Ved sida av gate D2 finn du eit gult område som er merkt med «domestic transfer».
  3. Ved det same området ligg det ein tax free-butikk slik at dersom du ønskjer å handle tax free-varer kan du gjere det her før du går gjennom tollen.
  4. Skann billetten/boardingkortet ditt i slusen og gå vidare gjennom tollen.
  5. Når du har passert tollen, kjem du ut i avgangshallen for innanlandsflygingar. Sjekk informasjonsskjermane for kva gate du skal reise vidare frå og følg deretter skiltinga.