G-Gater
Effektiv avvikling av sommartrafikken
Sommeren 2025 vil fleire utanlandsreisande måtte ta shuttlebuss til gate, desse nye utgangane har fått tildelt bokstaven G. I terminalen vil du finne tydeleg skilting mot område G på den internasjonale delen av terminalen.
Åtte innlandsgater vil bli tekne i bruk for utanlandstrafikk (kun destinasjonar innanfor Schengen) i morgontimane med mest trafikk. Utgangane har fått tildelt bokstaven G (G1 til G8). Behovet er dei aller fleste dagar avgrensa til ein kort periode på eit par timar. Det vil òg vere eit utvida kiosktilbod i dette området, som til vanleg er B-gatene på pir sør.
Skyttelbuss
Tiltaket fører til at nokre av passasjerane vil bli køyrt med buss frå terminalbygget og over til vårt «nye» gateområde. Alle informasjonstavler i terminalen vil vise estimert tid ein som passasjer må rekne med frå terminalbygget og fram til utgangen, inkludert både busstransport og gangtid.
Skyttelbussen vil vere tilgjengeleg allereie to timar før fyrste oppsette fly frå gateområde G og vil gå kvart tredje minutt frå ein dedikert «haldeplass for skyttelbuss» i terminalen, merkt med G. Denne finn du på busslounge utland, ut i korridoren til høgre ved Fiskeriet.
Har flyet ditt fått tildelt ein G-gate?
- Ved hjelp av informasjonstavlene i terminalen vil du sjå kva utgang flyet ditt går frå. Der blir det angitt forventa tidsbruk frå der du er til du har kome til utgangen din.
- Følg skilting til G.
- Skilting vil ta deg til haldeplassen for skyttelbuss. Bussen vil gå kvart tredje minutt.
- Buss fraktar deg til G-gatene. Følg skilting inn i bygget og finn din gate.