Flyspotting

    Oslo lufthamn har lagt til rette for flyspotting rundt flyplassen. Det er i dag fleire plassar som er avsette og godt utvikla for å kunne få med seg det spanande livet som går føre seg på innsida av gjerdet.

    Fotografar tek bilete av eit passasjerfly som tek av på ein skya dag ved ein flyplass.

    Kva er ein flyspotter?

    Flyspottar eller flyspotting er ein hobby som folk verda over driv med. Ein flyspotter er ein person som har stor interesse for fly, og som gjerne vil få med seg det heilt spesielle flyet som måtte kome til ein flyplass. Flyspottere verda over driv med alt frå å skrive ned registreringsnummer på fly til å fotografere dei.

    Spesielt i sommarhalvåret er det mange som brukar fritida si og fine sommardagar på å sitje ved rullebanene på Oslo lufthamn og fotografere fly som kjem og går. Det kan vere sjeldne flytypar, flyselskap, eller rett og slett fly frå nordiske selskap som vedkommande ikkje har teke eit bilete av til samlinga si som står i fokus.

    Ordforklaring

    19R = Vestre rullebane, frå nord
    19L = Østre rullebane, frå nord
    01L = Vestre rullebane, frå sør
    01R = Østre rullebane, frå sør

    Spotterplass 1

    Ved vestre bane:
    Den aller beste plassen for å kunne få med seg det som skjer er vollen som ligg i skogkanten tett inntil den vestre rullebanen. Plassen gir ein flott utsikt til store delar av flyplassområdet og alle fly som tek av eller landar på vestre rullebane kan enkelt sjåast herfrå.

    For å komme til denne vollen har vi tatt utgangspunktet i den gamle terminalen som i dag kallast for "GA-terminalen". Du køyrer vidare frå GA-terminalen nordover mot første rundkøyring som går inn på Riksveg 176 til Hurdal. Like etter rundkøyringa finn du ein veg inn til høgre som tek deg gjennom skogen og ned mot vollen. Nederst tek du igjen til høgre og følgjer vegen rundt og opp på sjølve vollen.

    Buss: Busshaldeplass "Kneppefeltet" finn du like i nærleiken av vegen som tek deg inn i skogen og vidare til vollen. Lokale bussar stoppar her.

    Fotografering: Plassen er best for fotografering i sommarhalvåret etter ca. 13.30 og fram til mørkets frambrudd.

    Spotterplass 2

    Ved austre bane, 19L:
    For å komme til denne plassen kan det vere lurt å ta utgangspunkt i avkøyring 51 frå E6 ved Jessheim nord. Dette er avkøyringa etter den til Oslo lufthamn om du kjem frå Oslo. Her køyrer du opp i rundkøyringa og følgjer fylkesveg 454 vidare nordover gjennom to rundkøyringar som blant anna tek deg over E6 igjen. Etter ca.2 km. tek du til venstre inn på fylkesveg 461, etter 650 m tek du inn til høgre inn på Blikkvegen.

    Denne følgjer du heilt til vegen svingar brått og du faktisk ser flyplassen.

    Her i svingen finn du ein liten veg inn til plassen som gir deg god oversikt på vestre rullebane. Her har du ein voll du kan gå opp på for å komme deg i ein fin posisjon for å ta bilete eller sjå på flya. Du kan også ta føtene fatt og spasere nedover langs gjerdet på den vestre rullebanen om du ønskjer å stå i andre enden.

    Fotografering: Plassen er best for fotografering om morgonen og fram til rundt 12.00

    Spotterplass 3

    Flyforsvarets museum, 01L:
    Ein stad som kan vere bra å stå på ein varm sommardag er ein liten haug like bak Forsvarets museum. Her kan du frå terminalen ta buss til hotellet eller bruke bil og parkere på parkeringsplassen. Det finst ein liten benk og eit bord her, og dette er ein fin plass å stå frå ettermiddagen til kvelden kjem med mørket.

    Buss: Dette området har fleire busshaldeplassar i nærleiken, der "Lilleplassen" er den mest sentrale.

    Spotterplass 4

    Flishaugane, 01R:
    Her kan det vere fint å ta bilete etter kl.12.00 på dagen og fram til kvelden viss flya landar frå sør og på 01R som er denne enden. For å komme inn hit køyrer du av frå E6, køyrer mot terminalen på Oslo lufthamn, men tar av mot sentralområde aust. Så tar du til høgre, og i rundkøyring til høgre og fortset nedover den lokale vegen som fører mot fyringsstasjonen. Nedst på denne lokale vegen tar du inn til venstre og fortset denne vegen heilt inn til du kjem ved gjerdet og starten av rullebanen. Her kan du få fine bilete av flya i lufta og på veg mot å lande.

    Praktisk informasjon

    • Vis omsyn til fly og flytrafikk, opptre varsamt
    • Ta med deg avfallet før du forlèt spotteplassen
    • Ikkje tenn opp eld eller grill på spotteplassane
    • Ser du noko mistenkjeleg, gje Oslo lufthamn beskjed
    • Områda er videoovervaka
    • Parker minst tre meter frå gjerdet