Elbil og lading
Køyrer du elbil, har vi eigne plassar der du kan lade bilen.

Parkeringsplassar for elbil:
- P10: 379 plassar, plan 3 felt 3J-3M
- P11: 348 plassar, plan 1
Mer har no overtatt eksisterande ladeanlegg på P10 og P11 på Oslo Lufthamn. Det betyr at du frå no kan lade med Mer (app) eller brikke på ladestasjonane. Du kan òg lade med Vipps.
Det er etablert lynladestasjonar på korttidsparkeringa (plan 4).
Er det fyrste gongen du ladar på Oslo Lufthamn? Følg instruksjonane på laderne for framgangsmåte.
Har du spørsmål knytt til lading?
Kontakt Mer på telefon
Ofte stilte spørsmål om lading av elbil på flyplassane:
Ladestasjonar er installerte på fleire av Avinors lufthamner på oppgitte parkeringsområde i tråd med ny parkeringsforskrift.
Parkeringsplassar for elbillading er helde av til bilar som er tilkopla ein ladestasjon. For å nytte ein ladeplass må bilen vere tilkopla ladestasjonen og ein ladesesjon må vere starta.
Prisar for lading følgjer Mers til ei kvar tid gjeldande prisar. Sjå oversikt over gjeldande ladeprisar her.: https://no.mer.eco/ladenettverk/priser
Merk:
Parkeringsavgifta kjem i tillegg til lading. Parkeringsavgifta skal betalast slik du elles betaler parkeringa på den aktuelle lufthamna og parkeringsområdet.
Lading startast og stoggast med ladebrikke frå Mer, Vipps via QR-kode på ladestasjonen, eller i ladeappen Mer Connect.
Førebuingar første gong:
Last ned appen Mer Connect gratis i App Store eller Google Play. Set opp ein brukar i appen om du ikkje allereie har gjort det.
Du kan bestille ladebrikke frå Mer på førehand. Det gjer du i Mer-appen eller i Mer Hub, her:
https://no.mer.eco/ladenettverk/kundeportal/
Du kan også lade med Vipps. Dette krev ikkje nedlasting av app eller eit registrert kundeforhold hos Mer.
Sett inn ladekabelen i bilen og ladaren og start ladinga med app/brukar/Vipps.
Du blir belasta per kWh og straumforsyninga varer til bilen er fullada eller til ladinga vert stoppa med app/brukar/Vipps.
Ta fyrst ut ladekabelen frå kontakten på bilen og deretter frå ladestasjonen.
Avhengig av biltype kan det vere du må låse den opp med bilnøkkelen fyrst.
Lading av elbil på Avinors flyplassar blir levert av ladeselskapet Mer. Ladestasjonane har ei ladehastigheit på opp til 22kW, og brukar kabel type 2. Merk at du sjølv må ta med eigen type 2-kabel.
Det blir òg prosjektert for hurtigladestasjonar på enkelte av Avinor sine flyplassar.
Meir informasjon om dette kjem.