Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
Byt

Vel flyplass

Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Taxi

Taxi til Oslo lufthamn

Det tek ca. 40 minutt å køyre frå Oslo S til flyplassen.

Viss du skal ta taxi frå flyplassen, anbefaler vi at du oppsøkjer bookingautomaten for taxi som er plassert utanfor terminalen på bakkenivå i same området der taxi plukkar opp passasjerar. Der vil du kunne bestille taxi, samt finne oversikt over prisar til dei fleste adresser på Austlandet. Normalt kjem taxien innan 3 til 5 minutt. 

Frå 1. november blir yrkestransportlova endra, og dette medfører at fleire aktørar kan drive taxiverksemd i Noreg. Reisande bør vere merksame på at prisane kan variere, og at taxisjåførar er pliktige til å informere om førehandspris før turen startar. 

Vi gjer merksam på at det må bestillast taxi før avreise på anten automatane eller via taxiselskapa sine eigne bestillingsappar. Vi åtvarar mot å setje seg inn i ein taxi utan førehandsbestilling, eller å gjere ein avtale direkte med ein taxisjåfør ute eller inne på terminalen. 

Er du brukar av TT-kort må du bestille og nytte taxi frå eit selskap som er godkjent av di helseregion. Deretter vil du bli henta av taxien i taxiområdet på terminalen.

Taxihaldeplassen finn du rett utanfor ankomsthall utland på flyplassen.