Vilkår og føresetnadar for booking av parkering

    Sist oppdatert: 5. mars 2025

    Desse vilkåra og betingelsane (heretter referert til som «vilkår»), viser tidspunktet dei sist blei oppdaterte. Dei vil kunne endrast ved behov. Vilkåra tilhøyrande ei bestemt bestilling, er dei som var lagt ut på bookingtidspunktet. Ikkje anta at tidlegare vilkår gjeld for framtidige bookingar.

    1 – Samtykke til Vilkår ved kjøp

    Ved booking blir desse vilkåra rekna som aksepterte. Kjøparen må aktivt bekrefte at dei er lesne før booking kan gjennomførast og betalast. Ved å akseptere vilkåra samtykkjer kjøparen til to ting: 

    1. Kjøparen aksepterer sitt ansvar i samband med booking, gjengitt i desse vilkår
    2. Kjøparen aksepterer at Avinor deler kjøpsdata med parkeringsoperatør, slik at dei kan levere tenesta. 

    Det er mogleg for kjøparen å inngå ytterlegare samtykker i kundereisa, desse skjer ikkje automatisk, men må aktivt gjerast av kjøparen i samband med kjøpet eller i «MinProfil», og kan omhandle aksept for nyheitsbrev, tilbod, osb. 

    2 – Nettstaden

    Avinor AS | Pb 150 | N-2061 Gardermoen | +47 67 03 00 00 | Org.nr.985 198 292 MVA ja

    Desse vilkåra gjeld for booking av parkering på www.avinor.no, Avinor sin app, og andre kanalar som blir driven av Avinor AS. Vi refererer til dette som «Nettstaden».

    Med «booking» er meininga «parkeringsreservasjon» eller «førehandstinging av parkering». Selgaren av parkering er parkeringsoperatøren på lufthamna.

    3 – Parkeringsoperatør

    Parkeringsoperatøren på lufthamna er selgaren av parkeringstenestene. Alle spørsmål og henvendingar skal rettast til parkeringsoperatøren. Lista viser kva parkeringsoperatør som er seljar på dei enkelte lufthamnene med kontaktdetaljar.

    Apcoa AS



    Innspurten 15, N-0663 Oslo
    Org.nr.: 929292065MVA

    Bergen lufthamn
    Stavanger lufthamn
    Trondheim lufthamn

    Onepark AS


    Bøkkerveien 5, 0579 Oslo
    Org.nr.: 998638984MVA

     

    Alta lufthamn

    Mosjøen lufthamn

    Bardufoss lufthamn

    Namsos lufthamn

    Bodø lufthamn

    Oslo lufthamn

    Brønnøysund lufthamn

    Røros lufthamn

    Florø lufthamn

    Rørvik lufthamn

    Førde lufthamn

    Sandane lufthamn

    Hammerfest lufthamn

    Sandnessjøen lufthamn

    Harstad/Narvik lufthamn

    Sogndal lufthamn

    Kirkenes lufthamn

    Stokmarknes lufthamn

    Kristiansand lufthamn

    Svolvær lufthamn

    Kristiansund lufthamn

    Tromsø lufthamn

    Lakselv lufthamn

    Vadsø lufthamn

    Leknes lufthamn

    Ørsta-Volda lufthamn

    Mo i Rana lufthamn

    Ålesund lufthamn

    Molde lufthamn

    4 – Bestillingsstadfesting og kvittering

    Kjøparen mottek ein stadfesting på bookinga til den e-postadressa som er oppgitt.Bekreftinga er kvitteringa. Ho inneheld eit unikt referansenummer og annan viktig informasjon om bookinga.

    5 – Kjøparens ansvar

    Det er kjøparen sitt ansvar å kontrollere at detaljane i e-postbekreftinga er korrekte. Kjøparen må sjekke at tidsperiode og parkeringsområde er korrekt, rett skiltnummer er meldt inn, samt orientere seg om detaljane rundt tidsfrister for endring og avbestilling og eventuell anna informasjon.

    Kjøparen er ansvarleg for si booking, gjennomføre endringar i høve til frist, og for å tidleg melde frå om eventuelle feil. Avinor eller parkeringsoperatøren tek ikkje ansvar for merkostnader ved feil, manglande booking/endring/avbestilling, feil bruk av rabattkode osv. Dette gjeld uansett årsak, inkludert tekniske problem eller betalingsfeil. 

    Øvrige punkt i desse vilkåra vil gjennomgå detaljar rundt dette ansvaret. 

    6 – Tilgjengelege produkt

    Når ønska parkeringstid i kalenderen er valt, vil tilgjengelege tilbod visast. Bookingar må som regel gjerast seinast 2 timar før innkøyring. Nokre produkt kan ha spesielle krav eller avgrensingar. Viss ønska produkt ikkje visast, kan det skuldast tidsavgrensingar, utselde plassar eller andre restriksjonar. 

    Forsøk gjerne å søkje på tilfeldige tidspunkt fram i tid for å få ein oversikt. 

    7 – Prisar

    Alle prisar er i norske kroner og inkluderer MVA.Banktransaksjonen vil vise at kjøpet er betalt til parkeringsoperatøren.

    Prisane for booking kan variere frå prisane på «vanleg parkering». Prisen på skjermen er basert på booking tidspunktet, parkeringsvarigheit, produkt, parkeringsområde, sesong og tilgjenge. Når det blir gjennomført ein booking, blir prisen på kjøpstidspunktet rekna som akseptert av kjøparen. 

    8 – Eitt samanhengande opphald med inn- og utkøyring

    Ein booking gjeld eitt komplett samanhengande opphald, med inn- og utkøyring for same bil. Dersom ein køyrer ut frå parkeringsområdet tidlegare enn ein har booka for, vil bookingen bli rekna som avslutta. Om ein køyrer inn igjen innanfor same bookingtid, vil dette starte ein ny parkering som ein vil bli belasta for i sin heilskap. 

    9 – Parkering utover booka periode

    Om ein overskrid den booka parkeringsperioden, startar automatisk ein ny parkeringsperiode. Den nye parkeringsperioden blir belasta frå slutten av den booka tida og inkluderer ikkje den booka og allereie betalte perioden. Den nye parkeringsperioden må betalast uavhengig av årsaka til forlenga tid, og den blir belasta til normal takst (som ein ikkje-booka parkering). 

    Bilar som ikkje blir henta 30 døgn etter utkøyringstidspunktet i bookingen blir rekna som forlatne. Slike bilar vil bli taua bort for eigarens rekning samt bli belasta for medgått parkeringstid.Om ein ikkje kan hente bilen før denne tida, må ein ta kontakt med parkeringsoperatør for å hindre dette. 

    10 – Endring og avbestilling

    Ein administrerer bookinga på avinor.no.På parkeringssida til den aktuelle flyplassen finst «endre/avbestille».Ein kan også endre i MinProfil, dersom ein har sett opp ein slik. 

    Alle endringar eller avbestillingar må gjerast av kjøparen innan ein sett tidsfrist.Avinor eller parkeringsoperatør gjer ingen endringar eller avbestillingar ved hendingar som t.d.dårleg vêr, offentlege reguleringar, endringar frå flyselskap eller andre hendingar. 

    11 – Tidsfristar for endring og avbestilling

    For Onepark-lufthamner (sjå liste i punkt 3): Vilkåra for endring og avbestilling er avhengig av produktet du har kjøpt.Personalia og registreringsnummer kan alltid endrast heilt opp til 2 timar før parkeringa startar.

    Standard:

    • Kan endrast, kansellerast og refunderast dei første 24 timane etter kjøpet av parkeringa.
    • Etter 24 timar frå kjøpstidspunktet, kan du ikkje endre, kansellere eller få refundert bookinga.

    Flex:

    • Kan kansellerast og endrast inntil det er 2 timar til parkeringa startar.
      • Auke i varigheit kan medføre eit tillegg i prisen.
      • Reduksjon i varigheit gir rett til refusjon av mellomlegget.
      • Etter at parkeringa har starta, kan varigheiten ikkje endrast.
    • Endring av parkeringsområde må gjerast seinast 2 timar før parkeringa startar.

    For Apcoa-lufthamner (sjå liste i punkt 3): Alle endringar og avbestillingar må skje seinast 2 timar før det bekrefta innkøyringstidspunktet i bookinga.

    12 – Kva som kan endrast

    Innan tidsfristen kan følgjande element endrast i ei booking:

    Endring av parkeringsområde eller tidspunkt: Avhengig av kva endringar som vert gjennomført kan det vere ein må betale eit mellomlegg, eller får refundert eit mellomlegg. Dersom det ønskte parkeringsproduktet ikkje er tilgjengeleg på endringstidspunktet, vel ein eit alternativt produkt eller så avbestiller ein reservasjonen. Same referansenummer som tidlegare vert beholdt, ny bekrefting/kvittring mottas på e-post.

    Endring av personlege detaljar: Dette er detaljar slik som namn, e-postadresse og skiltnummer på bil. Ved endringar på personlege detaljar tilkjem ingen økonomiske transaksjonar, den originale bookinga, inkludert referansenummeret vert beholdt. Ny bekrefting/kvittring mottas på e-post.

    Endring og avbestilling etter starta parkeringstid: Ein kan ikkje endre eller avbestille etter parkeringstida har starta.Sjå punkt for «fristar for endring og kansellering». 

    Avgifter for endring og avbestilling: Det er normalt ingen avgifter for endring/kansellering. Dersom det likevel kjem, vil dette vere tydeleg beskrive.

    13 – Refusjonar

    Refusjonar vert kun gjort til det betalingskortet som blei brukt ved den opphavlege bookinga. Tilbakebetalingstida blir bestemt av kortutferdaren. For å motta refusjon kan kjøparen bli bede om å framvise kvittering og referansenummer. 

    Booka parkeringstid som ikkje er nytta, heilt eller delvis, vil ikkje bli refundert.

    Ingen kompensasjon eller refusjon vil bli gjeve for manglar eller driftsavbrot av booking-tenesta. Verken Avinor eller parkeringsoperatøren er forplikta til å refundere eventuelle ekstra kostnader som følgje av ei booking/endring/avbestilling.

    14 – Innkøyring med «feil» bilnummer eller på «feil» parkeringsområde

    Bookinga gjeld kun for det bilnummeret ein har oppgjeve og for parkeringsområdet ein har kjøpt. Kontakt parkeringsoperatør straks dersom det skulle oppdagast feil. Ein risikerer å bli belasta ekstra. 

    15 – Standardvilkår for parkering

     «Standardvilkår for parkering» gjeld alltid for all parkering. Dette er forskriftsmessig opplyst om på parkeringsområda. Du vil òg kunne orientere deg om desse på nettsidene til Statens Vegvesen, Parkeringsklagenemnda og Lovdata.Dersom det skulle vere uoverensstemmelser mellom desse vilkåra og «Standardvilkår», vil «Standardvilkår» gå føre.

    16 – Tryggleik og sikkerheit

    Avinor og parkeringsoperatør syter for at parkeringsområda er så trygge og sikre som mogleg. Reisande parkerer på eige ansvar og risiko. Avinor og parkeringsoperatør kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle tap eller skadar som oppstår på bil eller eigendelar, med mindre slik skade eller tjuveri er forårsaka av aktløyse frå Avinor/parkeringsoperatør og då berre i den grad at denne aktløysa direkte har medført skaden. Eventuelle skadar på eller tjuveri frå bil som har skjedd under ditt opphald skal meldast til parkeringsoperatøren før parkeringsområdet vert forlatt. Kontakt òg politiet for anmelding av forholdet samt forsikringsselskap.

    17 – Parkeringsplassar reservert til andre føremål

    Dersom du parkerer på parkeringsplassar som er reservert til bestemte føremål, utan å ha rett til det, vil ein risikere å bli ilagt kontrollavgift. Reserverte plassar kan vere for eksempel HC plassar (du må ha gyldig HC kort i bilen), plassar for EL-bil (utan at du har ein El-bil som ladar) og liknande. Reserverte plassar er alltid godt merkte.

    18 – Personvern

    All personleg informasjon brukarar av bookingløysinga for parkering leverer frå seg, blir behandla i samsvar med gjeldande norske lover og strenge retningslinjer for personvern.