Parkering FAQ

    Her finn du dei vanlegaste spørsmåla og svara angåande parkering på Avinor sine flyplassar.

    Familie på fire med bagasje i parkeringshus, klare for reise. Foreldre og barn står blant bilar med koffertar og ryggsekkar.

    Generelt

    Kva er oppgåvene til Avinor og parkeringsoperatør?

    Avinor eig både nettstaden og parkeringsområda. Parkeringsoperatøren sel tenesta og bemannar kundesenteret – kontakt derfor operatøren sitt kundesenter dersom du har spørsmål. 

    Vilkår for parkering finn du her.

    Kva er kontaktinformasjonen til kundesenteret?

    Onepark AS
    Telefon:  
    E-post:
    Adresse: Bøkkeveien 5, 0579 Oslo 
    Foretaksregisteret 998638984MVA

    Apcoa Parking AS (Europark)
    Telefon:
    E-post:
    Adresse: Sandakerveien 138, 0484 Oslo
    Foretaksregisteret 929292065 MVA

    APCOA er parkeringsoperatør ved Bergen, Stavanger og Trondheim lufthamn, medan Onepark er parkeringsoperatør for øvrige lufthamner.

    Førehandstinging

    Korleis førehandsbestiller eg parkering?

    Du kan førehandsbestille parkering via "Bestill parkering" i menyen når du har gått inn på den flyplassen du ønskjer å parkere ved. Du finn også moglegheit til å bestille parkering på framsida til den flyplassen du har valt ved å trykke på "Finn parkering" i komponenten som ser slik ut: 

    Eg har ikkje motteke ordrebekrefting på e-post

    Logg deg inn på «Min Profil», klikk på namnet ditt og gå til «Min Parkering». Der kan du søke opp di parkering. Sjekk at e-postadressa er korrekt, deretter kan du sende stadfestinga til deg sjølv på nytt.



    Sjekk elles om e-posten har hamna i innboks for søppelpost.

    Dersom dette ikkje fungerer, kontakt kundesenteret for vidare hjelp. 

    Kor lenge før planlagt innkøyring kan eg bestille?

    Bestilling kan skje seinast 2 timar før innkøyring. Det kan skje at det ikkje er ledige plassar for førehandsbestilling. Då vil du få beskjed om dette slik at du kan endre dato og tidspunkt for søket ditt. 

    Kan eg førehandsbestille fleire parkeringar samtidig?

    Du kan berre ha éi aktiv parkeringsbestilling per registreringsnummer. Hugs å leggje inn korrekt registreringsnummer når du bestiller.  

    Kan eg køyre inn og ut fleire gonger på same bestilling?

    Nei, ei førehandsbestilling gjeld berre ein parkering med éi inn- og utkøyring. Det vil seie éi innkøyring med den påfølgjande utkøyringa.



    Dersom ein køyrer ut frå parkeringsområdet tidlegare enn bestilt utkøyring, vert parkeringa rekna som avslutta. Dersom du køyrer inn att vil dette starte ein ny drop-in parkering. Refundering av eventuell ubrukt parkeringstid vil ikkje bli godkjend.  

    Kva skjer om eg kjem tidleg eller parkerer for lenge i forhold til førehandsbestillinga?

    Om du blir ståande parkert utover den tida som du har førehandsbestilt, vil dette resultere i ein tilleggsperiode. Dette gjeld både om du kjem før reservert innkøyringstid eller etter reservert utkøyringstid.



    Du må betale for den ekstra tida, uavhengig av årsaka til at parkeringstida har blitt utvida. Ekstratida blir belasta etter pris for drop-in parkering på det aktuelle parkeringsområdet.
Om du før reisa veit at du må parkere lengre enn bestilt tid, anbefaler vi at du endrar bestillinga di.  

    Om parkeringsområda

    Kan eg førehandsbestille ein reservert plass?

    Det er halde av plass til deg dersom du har førehandsbestilt, men du kan ikkje bestille ein spesifikk parkeringsplass. 

    Kan eg førehandsbestille HC-plass/plass for rørslehemma?

    Det er ikkje mogleg å reservere ein eigen HC-plass. Du kan derimot førehandsbestille ordinær parkering og nytte ein merka HC-plass dersom den er ledig. Hugs å plassere gyldig HC-kort godt synleg i bilen.
  

    NB: Det er ikkje alle våre lufthamner som har dedikerte HC-parkeringsplassar. Vi tilrår deg å sjekke dette med den flyplassen du skal bestille parkering hos.

    Kan eg førehandsbestille plass for min el-bil/ladeplass?

    Det er for øyeblikket ikkje mogleg å førehandsreservere ein eigen ladeplass. Bestill ordinær parkering – dersom ein ledig, merkt elbilplass er tilgjengeleg ved ankomst, kan du bruke den, så lenge bilen står tilkopla og ladar aktivt.  

    Kva skjer viss eg ikkje hentar bilen min etter avslutta parkeringstid?

    Viss du ikkje kan hente bilen din før det har gått 30 døgn etter utkøyringsdatoen i førehandsbestillinga, må du ta kontakt med parkeringsoperatøren sitt kundesenter.

    Spesifiser følgjande i din skriftlege førespurnad:


    • Køyretøyet sitt registreringsnummer og andre kjenneteikn
    • Namnet på lufthamna, parkeringsområde og omtrentlig posisjon på området
    • Referansenummer på bookinga
    • Årsaka til at du vart hindra frå å hente køyretøyet, samt informasjon om forventa dag du vil vere tilbake for å hente det
    • Dine kontaktopplysningar (telefon, adresse, e-post)

    • I tilfelle der vi ikkje mottek skriftleg varsel som nemnt over, vert bilen rekna som forlatt. I slike tilfelle vil vi ha rett til å taue bort bilen for eigars rekning samt belaste bestillarens kredittkort for medgått parkeringstid.
    Kvar kan eg parkere når eg har førehandsbestilt parkering?

    Du får ikkje ein spesifikk parkeringsplass ved førehandsbestilling. Så lenge du parkerer på riktig parkeringsområde, så kan du parkere der du ønskjer. Dette gjeld ikkje dersom parkeringsplassen er merka med HC, el-bil, firmanamn, eller liknande.  

    Kva gjer eg viss eg parkerer på feil parkeringsområde?

    Om du køyrer inn på eit anna parkeringsområde enn det du har bestilt parkering på, eller at du køyrer inn med eit anna registreringsnummer enn det som er oppgjeve i bestillinga, må du kontakte parkeringsoperatøren.  

    Du risikerer å bli belasta ordinær pris i tillegg til det du har betalt for førehandstinging. Årsaka er at automatisk skiltgjenkjenning ikkje vil finne registreringsnummeret ditt i systemet. Ettersom det er ditt ansvar å sikre at registreringsnummer og parkeringsområde er i samsvar med bestillinga, så blir det normalt ikkje gitt refusjon for dette.  

    Prisar

    Korleis er produkta prisa?

    Pris ved førehandsbestilling av parkering er varierande og kan avvike frå pris for drop-in parkering. Førehandsbestilling er normalt rimelegare enn drop-in, og ved å bestille på førehand er du òg sikra plass. Pris ved førehandsbestilling er delt opp i intervall på 24 timar. Dømevis vil 49 - 72 timar tilsvare 3 døgn, medan 73 - 96 timar tilsvarer 4 døgn.  

    Betaling

    Korleis betaler eg for booking?

    Når du går vidare til betaling blir du send til betalingsløysinga. Denne er sikker, kryptert og levert av Nets. Følg instruksjonane på skjermen.


    Dersom du er logga inn med Min Profil vil du ha moglegheit til å lagre eit eller fleire kort slik at du har dei tilgjengeleg neste gong. Det einaste du treng å hugse på neste gong er CVC-koden din. Resten blir førehandsutfylt i Nets.

    Kva gjer eg om betalingsprosessen vert avbroten eller mislukkast?

    Gjer følgjande om betalingsprosessen blir avbroten eller mislykka:

    • Oppdater nettlesaren: Betaling kan feile om nettlesaren din er utdatert. Sørg for å bruke siste versjon.

    • Sjekk nettet: Eit ustabilt nett kan avbryte betalinga. Prøv igjen med ei meir stabil tilkopling.

    • Kontroller kortinformasjonen: Sørg for at kortinformasjonen i Min Profil er oppdatert. Kontakt banken din om kortet blir avvist.

    • Viktig å merke seg: Det er ditt ansvar å sikre at alt er i orden for å gjennomføre reservasjonen. Avinor er ikkje ansvarleg for merkostnadar ved mislykka betaling.
      Kortet ditt blir ikkje belasta om betalinga avbrytast.
    Kva står på transaksjonen min frå banken?

    Det er parkeringsoperatøren som er seljaren av parkeringa. Transaksjonen vil difor vere merka med namnet på parkeringsoperatør + namn på lufthamn på di faktura eller kvittering frå banken.

    Korleis betaler eg for ei tilleggsperiode/mertid utover bestilt tid?

    Ekstratida startar når den bestilte parkeringstida di er utløpt. Den vil ikkje inkludere tida du allereie har betalt for.


    Betaling for tilleggsperioden blir gjort på same måten som vanleg drop-in parkering og varierer noe ut frå parkeringsoperatør og flyplass. Sjå eigen seksjon om drop-in parkering for meir informasjon.  

    Personvern

    Kvifor må eg leggje inn personleg informasjon?
    • E-post blir brukt for å sende deg praktisk informasjon, inkludert ordrebekreftelse.
    • Registreringsnummer blir brukt for å kjenne igjen bilen din ved ankomst og avreise på lufthavner med automatisk skiltgjenkjenning.

    Ingen personopplysningar blir lagra dersom du bestiller utan å opprette “Min Profil”, men då må du legge inn informasjon kvar gong du bestiller parkering.

    Kan eg legge inn fleire registreringsnummer i førehandsbestillinga?

    Nei, du kan berre leggje inn eitt registreringsnummer.

    I Min Profil kan du leggje inn fleire registreringsnummer, men du må velje det du ønskjer å bruke i bestillinga di.



    Dersom du kjem med ein annan bil enn den du har oppgitt, vil du bli belasta dobbelt. Skiltnummeret fungerar som din parkeringsbillett.

    Endring og kansellering

    Kan eg endre eller avbestille bestillinga mi?

    Ja, endringar og kanselleringar kan gjerast innan ei tidsfrist, avhengig av om du har bestilt parkering med produktvarianten Flex eller Standard. Namn, e-post, telefonnummer og registreringsnummer kan alltid endrast inntil 2 timar før innkøyring.

    Standard:

    • Kan berre endrast og kansellerast dei første 24 timane etter kjøp av parkeringa.

    Flex:

    • Kan endrast og kansellerast inntil 2 timar før innkøyringstidspunktet.

    Enkelte parkeringsprodukt, som spesielle tilbod eller kampanjar, kan ikkje endrast eller kansellerast, eller ha andre tidsfristar. Dette vil kome fram av produktomtalen.

    Korleis endrar eller kansellerer eg parkering (administrere bestillinga)?

    Endring og kansellering av di bestilling avheng av om du er innanfor fristen, og  om du har bestilt produktvarianten Standard eller Flex.


    Slik gjer du:

    Logg inn på Min Profil, gå inn på ”Min Parkering” og finn rett booking under "kjøp". Her kan du utføre ønskt endring eller kansellering.

    Alternativt kan du nytte “Endre/avbestille parkeringen” på framsida for parkering til di valde lufthamn. Her treng du referansenummer og e-postadresse for å få tilgang til å endre eller kansellere di bestilling. Denne metoden kan du også nytte dersom du ikkje har brukt “Min Profil” for å bestille parkering.

    Etter fullført endring eller kansellering vil du motta ein e-post som stadfestar dette. Denne e-posten vil innehalde gjeldande detaljer for di bestilling.

    Kva for element i førehandsbestillinga kan eg administrere?
    • Registreringsnummer: Kan endrast seinast 2 timar før innkøyringstidspunktet. Er det tettare på innkøyringa enn dette må du kontakte kundesenteret til parkeringsoperatøren då du risikerer å bli dobbelt belasta utan rett til refundering.

    • Parkeringsområde og tid for inn- og utkøyring: Dette avheng av vilkår for produktvarianten du har førehandsbestilt (Standard eller Flex).
    • Dine opplysningar: Du kan endre namn, telefonnummer og e-post inntil 2 timar før innkøyringstidspunktet.

    Du mottek ein e-post med oppdaterte opplysningar etter at du har kansellert eller gjort endringar i di bestilling.

    Kan eg forlenge parkeringa mens bilen står parkert?

    Nei, du kan ikkje endre eller kansellere ei reservasjon etter parkeringstida har starta. Dersom du er parkert lenger enn det du har bestilt, så blir den ekstra parkeringstida behandla som ein vanleg drop-in parkering.

    Dersom du forsøker å forlenge parkeringa ved å gjennomføre ei ny reservasjon på ei allereie eksisterande reservasjon, vil den nye reservasjonen mangle innkjøyring og den første reservasjonen mangle utkøyring. Dette vil resultere i tilleggsperiodar som du blir belasta for utan rett til refusjon.  

    Kan eg få refundert førehandsbestillinga mi?

    Det blir ikkje gitt refusjon etter at reservert innkøyringstidspunkt er passert eller utgått, med mindre du har endra eller kansellert etter gjeldande vilkår.


    Parkeringstid som er reservert men ikkje nytta (heilt eller delvis) vil ikkje bli refundert.



    For å få refusjon må du kunne vise til ei ordrebekrefting eller kvittering gyldig referansenummer.


    Avinor eller parkeringsoperatøren er ikkje forplikta til å refundere eventuelle meirutgifter som måtte følge av førehandsbestillinga.