Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål og svar

På denne sida vil du finne spørsmål og svar om den nye flyplassen i Mo i Rana.

Kva er status i prosjektet no?

Sist oppdatert 23.06.25:

I juni 2022 godkjende ESA at Avinor kan finansiere ny flyplass i Mo i Rana med støtte frå den norske stat og Rana kommune. Dermed kunne Avinor månaden etter tildele dei fyrste kontraktane for førebuande arbeid. Dette arbeidet har no starta opp. Same månad vart kontrakten for totalentreprenør tildelt, og AF Gruppen fekk jobben om å byggje sjølve flyplassen.

Byggearbeida starta 6. september 2022. Det var PK Strøm som fekk tildelt kontrakten for anleggvegane, som er ferdigstilte, utanom asfaltering av nye Granheivegen, som blir gjort Q3 2024. Oppdraget med ledningsnettet vart tildelt Tore Løkke, som fullførte si kontrakt på anlegget 3. oktober 2023.

AF Gruppen starta opp jobben på anlegget i mai 2023, og arbeidde fram til hausten 2024 hovudsakleg med masseforflytting av vegetasjon og stein, samt sprengingsarbeid.

Kvifor meiner Avinor at det skal byggjast ein ny flyplass i Mo i Rana?

Avinor har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å anleggje ein ny flyplass i Mo i Rana. Flyplassen skal gi eit godt og styrkt samferdselstilbod til storsamfunnet på Helgeland, og skape eit løft for næringslivet i regionen. Under heile utbyggingsperioden skal Avinor jobbe med både Rana kommune, Polarsirkelen lufthamnutvikling AS (PLU), og resten av lokalsamfunnet om å utvikle ein effektiv, moderne og framtidsretta lufthamn.  

Vi gler oss til å bygge den nye storflyplassen på Helgeland! 

Kor lenge vil det vere drift på den gamle flyplassen, og vil drifta overlappast?

Det blir drift på den gamle flyplassen heilt fram til den nye er klar og startar operativ drift. I ein periode vil det vere prøvedrift på den nye lufthamna, og då samkøyrast lufthamnene. Etter dette vil den gamle lufthamna avvikle drifta og leggast ned.

Korleis skal den nye flyplassen finansierast?

Den nye lufthamna skal finansierast som eit spleiselag mellom stat, kommune og lokalt næringsliv. 

Den 23. juni 2022 konkluderte ESA offisielt med at finansiering av ny flyplass i Mo i Rana er i tråd med EØS-avtalen sine reglar for statsstøtte. Rolla til ESA er nettopp å avklare at land innanfor EØS ikkje driv ulovleg statsstøtte. 

·       I RNB 2023 vart prosjektets rammer vedtekne til P50-4582MNOK og P85-4890MNOK

·       Prosjektet er eit spleiselag mellom stat og lokale aktørar, der Rana kommune er med med 450 millionar, og lokale gjevarar er med med 150 millionar. I tillegg er det lokalt gitt 66 millionar til rullebaneforlenging frå 2200 til 2400 meter. 

Når blei det avgjort at flyplassen skulle byggjast?

I 2014 fekk Avinor i oppdrag frå Samferdselsdepartementet om å utarbeide eit forprosjekt med tilhøyrande konsesjonssøknad. Forprosjektet blei ferdigstilt i 2015. I 2020 gav Samferdselsdepartementet Avinor i oppdrag å overta den vidare prosessen med bygging av flyplassen. Dette innebar mellom anna å forhandle fram avtale om lokal finansiering, å oppdatere eige forprosjekt frå 2015 og vurdere relevante delar av Polarsirkelen Lufthavnutvikling AS (PLU) sitt forarbeid, herunder konkurransegrunnlag og gjennomførte anbudsprosess. 

Stortinget vedtok at flyplassen skulle byggjast i juni 2021. Avinor engasjerte deretter Sweco som byggherre for Ny lufthamn Mo i Rana. 

Prosjektet har gjennomgått ein ekstern kvalitetssikring (KS2) innanfor ordning for kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i staten. 
 
Den 23.

Kven bestemte at flyplassen skulle byggjast?

Kvifor kan ikkje den eksisterande flyplassen nyttast?

Den eksisterande flyplassen er omgjeven av høge fjell, noko som gir fleire utfordringar for inn- og utflygingar. Dermed er han ikkje eigna for lengre rullebane og større fly. Bakgrunnen for å bygge ny flyplass er eit ønske om å styrke samferdselstilbodet og næringslivet på Helgeland gjennom ein lengre rullebane, som gjer det mogleg å tilby direkteruter til Oslo og sør-Europa.