Kvifor ny flyplass?

På denne sida vil du finne fakta og historikk og om den nye flyplassen i Mo i Rana.
Avinor har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å ta ansvaret for å bygge ein ny flyplass i Mo i Rana. Flyplassen skal gi eit godt og styrkt samferdselstilbod for heile Helgeland, og skape ein løft for næringslivet i regionen.
Under heile utbyggingsperioden skal Avinor jobbe med både Rana kommune, Polarsirkelen lufthavnutvikling AS (PLU), lokalsamfunnet og entreprenørane om å utvikle ein effektiv, moderne og framtidsretta lufthamn.
Den nye flyplassen i Mo i Rana vil bety mykje for industri, reiseliv og busetnad. Nye Mo i Rana lufthavn Fagerlia skal erstatte flyplassen på Røssvoll, ein mil utanfor Mo i Rana.
Historikk og bakgrunn
I 2014 fekk Avinor i oppdrag frå Samferdselsdepartementet om å utarbeide eit forprosjekt med tilhøyrande konsesjonssøknad.
Forprosjektet blei ferdigstilt i 2015.I 2020 gav Samferdselsdepartementet Avinor i oppdrag å overta den vidare prosessen med bygging av flyplassen. Dette innebar mellom anna å forhandle fram avtale om lokal finansiering, å oppdatere eige forprosjekt frå 2015 og vurdere relevante delar av Polarsirkelen lufthavnutvikling AS (PLU) forearbeid inkludert konkurransegrunnlag og gjennomførte anbodssprosessen.
Prosjektet har gått gjennom ein ekstern kvalitetssikring (KS2) innanfor ordninga for kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i staten.
Den 23. juni 2022 godkjente ESA at Avinor kan finansiere den nye flyplassen med støtte frå staten og Rana kommune. Dermed kunne Avinor tildele dei første kontraktane for bygginga av den nye lufthamna.
Bygginga starta 6. september 2022, og det er PK Strøm som har fått tildelt oppdraget med anleggsvegane, medan Tore Løkke har kontrakt på leidningsnettet. Begge entrepriseane er venta ferdigstilt etter sommaren 2023. Avinor og AF Gruppen signerte samspelskontrakt for hovudentreprisen den 15.september 2022.
I juni 2023 blei den endelege kontrakten for sjølve bygginga av Ny lufthamn Mo i Rana signert. Kontrakten har ein verdi på 3,2 milliardar.
Finansiering
I Revidert Nasjonalbudsjett 2023 blei prosjektets kostnadsrammer vedtatt til ei styringsramme (P50) på 4582 millionar kroner og ei kostnadsramme (P85) på 4890 millionar kroner.
Kommunen bidreg med 450 millionar, medan lokalt næringsliv og private gjevarar bidreg med 150 millionar kroner. I tillegg har kommunen gått inn med 66 millionar kroner i eit spleiselag med staten for å sikre 2400 meter rullebane, i staden for 2200 meter som det opphavleg var prosjektert med.
Slik vil lufthamna bli
Avinor har som mål å planleggje, bygge og setje i drift ei ny framtidsretta og miljøtilpassa lufthamn i samsvar med gjeldande og framtidige miljøkrav og standardar. Vårt mål er at Helgelands-samfunnet skal bli stolte av den nye flyplassen sin.
På den nye flyplassen vil det bli bygd eit parkeringsareal med kapasitet til cirka 450 bilar.