For våre naboar

På denne sida vil du finna nabovarsel og anna relevant informasjon til deg som bur eller driv næringsverksemd i området rundt den nye lufthamna i Mo i Rana.

Nabovarsel

Her vil det bli lagt ut relevant info til deg som nabo. 

Om du som nabo ønskjer månadsbrev, invitasjon til nabomøte og generell info til berørte partar på e-post, meld frå om dette til  

Støy under byggefasen

Som del av dei pågåande arbeida vil det bli utført ein god del sprenging.

Dersom du ønskjer å få bli førehandsvarsla om sprenging, er det mogleg å få beskjed om dette via SMS.Då vil du få ein tekstmelding før kvart salve.

 

Slik melder du deg på sprengingsvarsel:

Per i dag ein entreprise som held på med sprengingsarbeid.

For å få sprengingsvarsel for heile anlegget må ein sette seg opp på varslingslista. Merk at tenesta er for naboar og andre interessentar.

For å få SMS-varsel frå AF Gruppen, send melding til 901 51 034. Oppgi at du ønskjer sprengingsvarsel for Ny flyplass Mo i Rana i meldinga, samt namn og telefonnummer.Då vil du motta eit varsel i forkant av sprenging.

 

Støygrenser 
Under utbygginga følger vi krav til utsleppsløyve etter forureiningslova gitt av Statsforvaltaren i Nordland.   

Støyen skal ikkje overskride grenseverdiane gitt i denne tabellen:  

Bygningstype 

Støykrav på dag 

Støykrav på kveld  

Støykrav på natt 

Bustader, fritidsbustader, sjukehus, pleieinstitusjonar  

60 dB 

55 dB 

45 dB  

Skule, barnehage 

55 dB i brukstid 

*Støykrav på dag gjeld tidsrommet 07:00-19:00. 

* Støykrav på kveld gjeld tidsrommet 19:00-23:00, inkludert søndag og heilagdagar 07:00-23:00.  

* Støykrav på natt gjeld tidsrommet 23:00-07:00.  

Avvik 
Grenseverdiane for støybelastning kan fravikast i kortare periodar.