Kollektivt
Slik kjem du deg til og frå Trondheim lufthamn med kollektiv transport.

Kollektivt til og frå Trondheim lufthamn
Slik kjem du deg til og frå Trondheim lufthamn med kollektivtransport.
Flybuss – Værnes-Ekspressen
Værnesekspressen tilbyr ein påliteleg og komfortabel busstur til og frå Trondheim lufthamn og køyrer ved alle flyankomster og -avgangar, inkludert charterfly.
Avgang 35 minutt etter landing ved siste rutefly utland, og 45 minutt etter charterfly.
Stopp på sentrumsnære hotell
Flybussen stoppar på strategiske stader i nærleiken av alle sentrumsnære hotell i Trondheim, slik at du kan kome deg raskt vidare til ditt opphald.
Billettypar
- Lavprisbillett: Kjøp billetten på nett eller i appen dagen før avreise for å få den beste prisen. Billetten er gyldig frå 2 timar før til 10 timar etter den valde avgangstida.
- Billetter same dag: Kjøp billett på sjølve avreisedagen, og betal same pris som om bord.
- Full Fleks-billettar: Gir deg ekstra fleksibilitet, då billetten er gyldig i 15 dagar før og etter opphavleg avgang, perfekt for dei som treng meir tid til å tilpasse reiseplanane sine.
Buss
Rutebuss til og frå Værnes
Haldeplass for rutebuss finn du ved innkøyring til flyplassen. 4 minutt i gangavstand til terminal. Lokalruter i Trøndelag (linje 311, linje 70 og linje 430) finn du hos AtB.
TOG
Tog
Togturen frå Trondheim lufthamn til sentrum tek om lag 35 minutt.
Sjå rute og prisinformasjon her.
NORD
Nord Lokaltog på strekninga Trondheim - Steinkjer går via flyplassen (Værnes haldeplass).
Det same gjer NORD Regiontog på strekninga Trondheim - Bodø.
Det er mogleg med vidare korrespondanse til Sverige frå Trondheim lufthamn Værnes.
Sjå rute- og prisinformasjon her.
Tog til Åre
Frå Værnes til Åre er det 2 togavgangar kvar dag. Det er bytte av tog på Hell stasjon og på Storlien. Hell ligg 5 minutt frå Værnes.
Frå Åre er det 2 togavgangar kvar dag til Hell, og då med bytte av tog på Storlien.
Sjå NORD sin heimeside for nærare informasjon.