Jaktsesongen er her
Jaktsesongen er i gang, og mange av Noregs 500.000 jegerar smører akkurat no børser og fjellstøvlar, testar telt og skrubbar bålkjelar. Om du er ein av dei og du har planar om å fly med våpen, ammunisjon og eventuelt ein hund, er det ein del ting du må vite.

For mange er jaktsesongen årets absolutte høgdepunkt. Og all den tid jegerane berre får lov til å leve ut lidenskapen sin over ein avgrensa periode om hausten, er det mange som er villige til å reise langt i jakta på den perfekte biotopen – nokre òg med fly.

Du kan fly med jaktvåpen
Det er fullt mogleg å fly med våpen og ammunisjon, men det er viktig å kunne regelverket godt, slik at du er sikker på at du ikkje har oversett noko. Då kan du fort bli nødd til å reise utan.
Reglane varierer litt mellom dei forskjellige flyselskapa, men hovudregelen er at transport av våpen må søkjast om og godkjennast før du reiser. Søknaden må i dei fleste tilfelle sendast innan 24 timar før avgang, og søknadsskjema finn du på heimesidene til flyselskapet ditt. Hugs at du må stadfeste at du har gyldig våpenlisens, og ver merksam på at det kan kome tilleggskostnadar ved frakt av våpen.
Pakking og frakt av våpen
For det fyrste er det under ingen omstende lov til å ha med våpen, våpendelar eller ammunisjon i handbagasjen. Kikkertsiktet ditt kan du ta med om bord på flyet, men det er òg det einaste tilknytt våpenet ditt som du ikkje må sjekke inn.
Såfremt det er mogleg skal våpenet ditt demonterast, og ein vital del skal pakkast i ein separat sekk eller bag. Det vil seie at du skal pakke forskjeftet i éin ryggsekk og resten av våpenet i ein annan viss du reiser med hagle, og våpenet og sluttstykket i kvar sin sekk/bag viss du reiser med rifle.

Fly med jakthund
Jakta blir betre med ein firbeint ven på laget. Når det gjeld reiser med dyr er det flyselskapa sjølv som bestemmer reglane, men reglane varierer ikkje mykje. Dei aller fleste hundar må reise i buret sitt inne i lasterommet – berre små hundar kan vere med inn i kabinen, og dei fleste flyselskap har ei avgrensing på to til tre dyr i kabinen på kvar flyging. Trykk og temperatur i lasterommet er det same som i kabinen, så du treng ikkje å bekymre deg for at du skal måtte ta med deg ein forkjøla hund ut i jaktterrenget.
Ettersom hunden din må reise i bur, er det viktig at den er komfortabel i buret sitt. Altså at den både er trent til å liggje i bur, og at buret er stort nok. Dei fleste flyselskap krev at hunden din må kunne reise seg, snu seg og liggje i ei naturleg stilling i buret. Samstundes skal ikkje buret vere for stort – undersøk øvre grense hos flyselskapet ditt.
For å vere sikker på at du får med deg hunden bør du ha eit bur som er spesiallaget for transport av dyr – fleire flyselskap aksepterer ikkje andre typar. Buret skal merkast tydeleg med namn, adresse og telefonnummer, og det må vere reint, solid, og laga av heilt lekkasjesikkert materiale. Dekk botnen med absorberande materiale, som ei matte eller eit teppe. Aviser, papp og liknande er ikkje tillate.