Byggjerestriksjonar
BRA-Kart
Byggjerestriksjonsområde (BRA) er område rundt flyplassar og navigasjonsanlegg der bygg og konstruksjonar vil kunne forstyrre signala mellom flya og systema på bakken. I desse områda vil det kunne vere restriksjonar på plassering og høgd for bygg.
Ynskjer du å byggje i eit BRA-område, må planane til høyring hjå spesialistar i Avinor, som vurderer om konstruksjonen kan forstyrre flysignala.