Spar tid, sjekk inn på internett

Flyselskapa tilbyr innsjekking på Internett eller i innsjekkingsskranke. Ein del selskap lèt deg også sjekke inn på mobiltelefonen.

Innsjekking via Internett eller mobil

Sjekk inn hjå flyselskapet du reiser med:

Air Baltic

Norwegian

Cimber Air

SAS

Iceland Air

Widerøe

KLM

WizzAir

Lufthansa

Reiser du med berre handbagasje kan du gå rett til tryggleikskontrollen når du har sjekka inn på Internett eller mobil.

Har du bagasje du skal sjekke inn, kan du skrive ut bagasjelapp frå innsjekkingsautomatane på flyplassen. Bagasjen leverer du deretter i skranken merkt bagdrop.

Innsjekking på automat

Flyplassen tilbyr ikkje innsjekking på automat.

Innsjekking i innsjekkingsskranke

Informasjonsskjermar på flyplassen viser deg kva for innsjekkingsskranke du skal bruke.

Oppmøtetid

Syt for at du kjem til flyplassen tidleg nok. Kor lenge før avgangen du må møte varierer frå flyselskap til flyselskap, så husk å sjekke kva tid som gjeld for deg. Dei vanlegaste oppmøtetidene er:

  • Innanlands: seinast 1 time før avgang

  • Utanlands: seinast 1 ½ time før avgang

  • Charter: seinast 2 timer før avgang

På charterflygingar stengjer ofte innsjekkinga éin time før avgang.

Hugs at det i ferieperiodar er ekstra viktig å møte opp i god tid.

Val av sete

Ein del flyselskap lèt deg velje sete sjølv når du sjekkar inn via selskapet sine nettsider eller på innsjekkingsautomat. Seteregistreringa opnar som oftast eitt døgn før avreise.

Har du ikkje valt sete sjølv, vil du få tildelt plass ved innsjekking på flyplassen. Ein del lågprisselskap tildeler ikkje fast seteplass og du vel sjølv plass når du kjem på flyet.

Boardingkort

  • hentes ut på automat eller i skranke

  • er nødvendig for å passere sikkerhetskontrollen

  • kan leses av fra mobiltelefon ved gate

  • kan ikke printes ut ved gate (kun på OSL)