Opningstider
| Kvardagar | 05.45-22.30 |
| Laurdag | 07.00-16.00 |
| Søndag | 11.00-22.40 |

Det går buss og taxi til og frå flyplassen. Du kan også bruke eigen bil eller leigebil.
BussLokalbuss mellom Ørsta og Volda går forbi flyplassen om lag kvar halvtime på dagtid, og kvar time frå 17.30 om ettermiddagen. Køyrer normalt ikkje om ekspedisjonsbygget, men ikkje meir enn eit par minutt å gå i frå haldeplassen.
| Pris: | 25,- til sentrum |
| Reisetid: | 5-10 minutt |
| Rutetider: | Fjord1 eller Trafikanten (tlf. 177) |
TaxiTaxi er tilgjengeleg i opningstida ved flyplassen.
| Pris: | ca. 100,- til sentrum |
| Reisetid: | 5 minutt |
| Bestilling: | Ørsta drosje (tlf. 70 06 70 00)
Volda drosje (tlf. 70 07 89 00) |
BilØrsta-Volda Lufthamn ligg om lag 5 minutt fra Ørsta-Volda sentrum. Søk i vegkart for køyreforklaring frå di adresse.
Sjå informasjon om parkering og bilutleige.