Pass og visum
Skal du fly til utlandet bør du ha med pass. Hugs eige pass til barna.
Har du gyldig pass?
Alle pass bør vere gyldige i 6 månader etter planlagd retur. Treng du nytt pass, sjå søknad om pass på politiet sine nettsider.
Barn skal også ha eige pass uansett alder, og blir ikkje lenger skrivne inn i foreldra sine pass.
Reise i Norden
Norske borgarar kan i prinsippet reise utan pass i Norden, men eit godt reiseråd er å ta med pass, då ein del hotell, campingplassar etc. krev pass.
Reise i USA
Planlegg du å reise til USA, må du lese viktig informasjon om innreise til USA på ambassaden si nettside.
Reise i resten av verda
Utanfor Norden er pass einaste gyldige legitimasjon for norske borgarar.
Treng du naudpass?
Ved Gardermoen, Sola, Flesland og Værnes kan du kontakte politieininga på flyplassen for å søkje om naudpass.
Visum
Ein del land krev visum, sjekk visumreglane dit du skal reise på Utanriksdepartementet sine nettsider.

