Opningsstider
| Kvardagar | 05.45 - 23.15 |
| Laurdag | 05.45 - 23.15 |
| Søndag | 11.30 - 23.00 |

Assistansetenesta kan bestillast over telefon og kan ikkje gjerast ved billettbestilling på internett. Reiseoperatøren vil så ta kontakt med Avinor sin leverandør av assistansetenester ved den enkelte lufthamna.
Hugs bestilling seinast 48 timar før avreise. Ved bestilling av assistanse ved framkomst til flyplassen, må det reknast noko meir ventetid.
Sjekk med flyselskapet kor mange kolli og kilo du kan ta med.
Flyselskapa tek ikkje ekstra betalt for rullestol eller førarhund.
Meld frå dersom du har bagasje som må behandlast forsiktig.
Du kan ta eitt kolli inn i flyet.
Sjekk ved bestilling om det er mogleg å ha med utstyr for funksjonshemming om bord.
Hovudregelen er at handbagasjen skal få plass under setet eller i hattehyllene.
Ved reiser innanfor EØS kan du ta med medisin til personleg bruk tilsvarande eitt års forbruk. Reiser du til land utanfor EØS er grensa tre månader. Legemiddel som inneheld narkotiske stoff eller er rekna som dopingmiddel, kan ikkje takast med for lenger enn éin månad i gongen.
Tollvesenet i landet du reiser til, vil krevje dokumentasjon på at medisinen er til personleg bruk. Kontakt lege eller apoteket for dokumentasjon.
Har du behov for å ta med medisinsk utstyr om bord, informerer du flyselskapet ved innsjekking. Vi rår deg til å leggje naudsynte medisinar i handbagasjen.
Alle reisande må gjennom ein tryggleiksport. Bruker du rullestol eller har implantat blir kontrollen utført manuelt med metalldetektor.
Du kan trygt passere tryggleiksporten sjølv om du bruker pacemaker eller høyreapparat.
På utanlandsreiser får du tildelt setenummer ved innsjekking.
Dei fleste charterfly tildeler seteplass før innsjekking.
Ein del lågprisselskap tildeler normalt ikkje seteplass.
Har du behov for spesiell plassering, kontaktar du turoperatøren i god tid før avreise.
At du er avhengig av rullestol
At du bruker elektrisk rullestol
At du treng assistanse til bagasjen
At du treng assistanse ut til flyet
At du treng assistanse heilt til flysetet
At du har behov for å gå om bord før andre passasjerar
At du treng assistanse om bord i flyet
At du treng tekniske hjelpemiddel, t.d. rullator
Rullestolen må ved ein del lufthamner forlatast ved innsjekkingsskranken.
Sitjeunderlaget i stolen kan brukast i flyet avhengig av storleiken og breidda på flysetet. Det er eit krav at det ikkje hindrar bruk av tryggleiksbelte.
Batteriet i rullestolen skal vere merkt slik at riktig type kan identifiserast. Fleire typar batteri er godkjende for transport i fly. Er batteriet merkt, unngår du at stolen blir demontert. Kontakt batterileverandøren eller Hjelpemiddelsentralen for merking.
Dersom rullestolen må demonterast; hugs brukshandbok og spesialverktøy for stolen. Dei tilsette treng tid til å demontere på grunn av tryggleiksreglar og omsynet til at stolen ikkje blir øydelagd.
Vi tilrår at ein tek lause delar med om bord så dei ikkje fell av under transporten.
Assistansetenesta ved lufthamna vil i dei fleste tilfelle tillate at du bruker rullestol (ikkje elektrisk rullestol) fram til inngangen av flyet eller flytrappa.
Gje melding om korleis du vil lyftast. Mange tilsette er usikre under lyftesituasjonen.
Møt opp til avtalt tid for å sikre assistanse.
Skaff deg gjerne ein "Flytt'i" til reisa. "Flytt'i" er eit lyftehjelpemiddel som blir brukt ved kortare flytting frå ein stol til ein annan, til dømes inne i flyet. Kontakt hjelpemiddelsentralen for meir informasjon.
At du treng assistanse til bagasjen
At du treng assistanse ut til flyet
At du treng assistanse heilt til flysetet
At du har behov for å gå om bord før andre passasjerar
At du treng assistanse om bord i flyet
Har du førarhund må du gje melding når du bestiller billetten. Flyet vil då bli sperra for personar som er allergiske for dyr. Førarhund kan takast med i kabinen utan kostnader. Hugs at du må ha med utreise- og innreisedokument som viser at hunden er frisk.
Er du både blind og døv må du ha følgje ved flyreiser. Blinde kan reise inntil fire timar utan følgje.
Nokre flyselskap tilbyr redusert pris for nødvendig følgje/assistent. Hugs medisinsk stadfesting.
Nokre flyplassar har teleslyngjer ved innsjekkingsskrankane. Teleslyngja medverkar til at du høyrer det som blir sagt. Set høyreapparatet i stilling 'T'.
Fortel at du har eit hørselsproblem slik at flyselskapspersonalet kan ta tilstrekkelege forholdsreglar.
Informasjonen som blir gjeven over høgtalaranlegget i lufthamna kan vere vanskeleg å oppfatte. Ved innsjekking må du derfor avtale korleis du skal bli informert om flyavgangar, flyutsetjingar o.l.
Flyplassane har visuell informasjon som kan vere til stor hjelp for deg som er døv eller har dårleg hørsel.
Reiser du åleine og bruker taxi til flyterminalen, må du gjere merksam på dette når du bestiller transport. Mange sjåførar er hjelpsame og vil kunne følgje deg til innsjekkingsskranken. Bestiller du denne tenesta, vil drosjesentralen registrere slik hjelp som ein del av sitt transportoppdrag. Taxi-reisa kan også bestillast på TT-kort dersom du har dette.
Assistansetenesta ved lufthamna har ansvar for å assistere deg frå innsjekkingsskranken og heilt om bord i flyet.
Nokre flyplassar er såkalla "stille flyplassar". Det vil seie at det er avgrensa bruk av høgtalarar for informasjon om avgangar, opprop osv.
For å få nødvendig informasjon og følgje om bord i flyet skal dette avtalast ved innsjekking. Avtal også korleis du skal få assistanse ved til dømes flybytte eller transitt.
Reagerer du allergisk på dyr må du seie frå når du bestiller. Flyet vil då bli stengt for dyr, også førarhundar, føresett at det ikkje alt er bestilt pass for dyr. Regelen er at den som bestiller først, får plass på flyet.
Er du allergisk mot enkelte typar mat, har diabetes e.l. må du seie frå når du bestiller.
Må du ha medisinsk assistanse undervegs? Assistansetenesta ved lufthamna kan ikkje ta ansvar for å gje deg medisinsk behandling eller pleie. Dei kan heller ikkje gje deg spesielle medisinar du ikkje kan ta sjølv. Har du behov for denne typen medisinsk assistanse, blir reisa klassifisert som sjuketransport.
Lufta om bord på fly blir heile tida skift ut. Sjølv med mange menneske om bord skal det alltid vere godt klima.
Større fly har oksygen om bord. Oksygenet er meint for nødstilfelle. Har du behov for oksygen under flyreisa må du gje flyselskapet melding i god tid før avreise.
Har du behov for oksygen under flyreisa må du gje flyselskapet melding seinast 48 timar før avreise, men gjer gjerne avtalen ved bestilling.
Presiser om du treng gassflasker med regulator for nøyaktig dose.
Flaskene blir leverte ut ved innsjekkinga, eller monterte på førehand om bord i flyet.
Flytande oksygen er ikkje tillate i fly.
Nokre flyselskap godtek at du tek med oksygensylindrar som er godkjende for bruk i fly. Andre krev at du bruker deira oksygenflasker. Skulle du få akutt behov for oksygen, vil du kunne få bruke ein avgrensa del av naudbehaldninga i flyet.
Skal du bruke oksygen på reisemålet, vil du normalt kunne ta med tomme behaldarar i innsjekka bagasje.
For ytterlegare informasjon bør du kontakte leverandør.
Assistansetenesta ved lufthamna kan ikkje ta ansvar for å gje deg medisinsk behandling eller pleie. Dei kan heller ikkje gje deg spesielle medisinar du ikkje kan ta sjølv. Har du behov for denne typen medisinsk assistanse blir reisa klassifisert som sjuketransport.
| Kvardagar | 05.45 - 23.15 |
| Laurdag | 05.45 - 23.15 |
| Søndag | 11.30 - 23.00 |