Spar tid, sjekk inn på internett
Flyselskapa tilbyr innsjekking på Internett eller i innsjekkingsskranke. Ein del selskap lèt deg også sjekke inn på mobiltelefonen.
Innsjekking via Internett eller mobil
Sjekk inn hjå flyselskapet du reiser med:
Reiser du med berre handbagasje kan du gå rett til sikkerheitskontrollen når du har sjekka inn på Internett eller mobil.
Har du bagasje du skal sjekke inn, kan du skrive ut bagasjelapp frå innsjekkingsautomatane på flyplassen. Bagasjen leverer du deretter i skranken merka bagdrop.
Innsjekking på automat
Flyplassen tilbyr ikkje innsjekking på automat.
Innsjekking i innsjekkingsskranke
Informasjonsskjermar på flyplassen viser deg kva for innsjekkingsskranke du skal bruke.
Direkte til gate
For nokre flyselskap og strekningar kan du gå direkte til sikkerheitskontrollen utan å sjekke inn fyrst dersom du berre har håndbagasje. Forsikra deg alltid om at dette gjeld di reise før du nyttar denne muligheiten!
Oppmøtetid
Syt for at du kjem til flyplassen tidleg nok. Kor lenge før avgangen du må møte varierer frå flyselskap til flyselskap, så hugs å sjekke kva tid som gjeld for deg. Dei vanlegaste oppmøtetidene er:
Innanlands: seinast 1 time før avgang
Utanlands: seinast 1 ½ time før avgang
Charter: seinast 2 timer før avgang
På charterflygingar stengjer ofte innsjekkinga éin time før avgang.
Hugs at det i ferieperiodar er ekstra viktig å møte opp i god tid.
Val av sete
Ein del flyselskap lèt deg velje sete sjølv når du sjekkar inn via selskapet sine nettsider eller på innsjekkingsautomat. Seteregistreringa opnar som oftast eitt døgn før avreise.
Har du ikkje valt sete sjølv, vil du få tildelt plass ved innsjekking på flyplassen. Ein del lågprisselskap tildeler ikkje fast seteplass, og du vel sjølv plass når du kjem på flyet.
Sist oppdatert 10. april 2012

