Bagasje
Bagasjereglar
Det meste kan sendast i innsjekka bagasje, medan det er mange restriksjonar på kva du kan ta med i handbagasjen. Er du i tvil, send i innsjekka bagasje.
Væsker
Hovudregelen er at det ikkje er tillate å ta med flytande væsker i handbagasjen.
Det er likevel opna for å ta med små mengder væske så lenge:
væskene er i behaldarar på inntil 100 milliliter kvar (behaldarar som rommar meir enn 100 ml blir kasta uavhengig av kor mykje væske dei inneheld)
behaldarane er plasserte i ein gjennomsiktig, plastpose som kan lukkast ("zip-lock") med kapasitet på høgst 1 liter.
1) Kva er rekna som væske?
Til dømes vatn, brus, vin, smørepålegg, gelé, krem, deodorant, parfyme, lipgloss, mascara, tannkrem, barberskum, sprayboksar, lighter og gjenstandar med liknande konsistensar. Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet.
2) Kvar kan eg få tak i ein gjennomsiktig plastpose som kan lukkast?
Posane får du kjøpt i dei fleste daglegvarebutikkar. Posar vil også vere tilgjengelege ved inngangen til tryggleikskontrollen på dei fleste flyplassar.
3) Kan eg ta med leppestiften min i handbagasjen?
Ja, kosmetikkartiklar som har fast innhald, som leppestift, er ikkje definerte som væske og kan takast med utanom posen.
4) Kan eg ta med barnemat i handbagasjen?
Ja, barnemat (morsmjølk, mat på glas o.l.) er unnateke frå reglane. Du må vere budd på å bli beden om å smake på maten.
5) Kan eg ta med medisin i handbagasjen?
Ja, medisin som er nødvendig for bruk på reisa er tillate å ha med. Du må vere budd på å smake eller smørje medisinen på huda. Attest frå lege må takast med dersom medisinen ikkje kan opnast i tryggleikskontrollen.
6) Korleis unngå at taxfreeposen blir stoppa i tryggleikskontrollen?
Alle varer som blir selde innanfor tryggleikskontrollen er kontrollerte, og kan takast med om bord i flyet.
Dersom du skal reise vidare med fly frå lufthamna du kjem til, må du gjennom ein ny tryggleikskontroll. Då skal handleposen vere forsegla og kvitteringa liggje godt synleg inni posen. Reglane seier at reisa må gjennomførast innan 36 timer etter kjøp.
Reglane gjeld innetter i Noreg, EU, EØS, Sveits, Singapore og USA. Kuala Lumpur International i Malaysia og enkelte flyplassar i Kroatia og Canada er også omfatta av reglane. Kjem du frå andre lufthamner enn dei som er nemnde her, får du ikkje med deg taxfreeposen gjennom tryggleikskontrollen ved mellomlanding.
Obs. Alkohol som inneheld meir enn 70 volumprosent alkohol er forbode både i handbagasje og innsjekka bagasje.
7) Kva for matvarer er tillatne å ha med i handbagasjen?
Døme på mat som er tillate: frukt, heile egg, kokosnøtt, kakebotn, kjeks, kjøt, brunost.
8) Kan eg ta med kake?
Tørre kaker er uproblematisk. Kaker som inneheld krem er ikkje tillatne.
9) Kva med snus?
Snus er tillate å ha med i handbagasjen. Det er ikkje væske, og treng derfor heller ikkje å leggjast i den gjennomsiktige plastposen med lukkefunksjon.
10) Kan væske sendast i innsjekka bagasje?
Sjekk med flyselskapet du reiser med, ikkje alle selskap tillèt flasker i innsjekka bagasje.
Skytevåpen
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekka bagasje |
|---|---|---|
| skytevåpen (pistolar, revolverar, rifler, hagler osv.) | nei | ja |
| våpenetterlikningar | nei | ja |
| leketøyspistolar | nei | ja |
| våpendelar | nei | ja |
| luftgevær (inkludert paintballvåpen) | nei | ja |
| signalpistolar, startpistolar | nei | ja |
| spikerpistolar | nei | ja |
| armbrøst, harpungevær | nei | ja |
| sprettertar, slynger | nei | ja |
avlivingsutstyr for dyr (slaktemaske, elektrosjokk osv.) | nei | ja |
| elektrosjokkvåpen | nei | ja |
| krut | nei | nei |
Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet
Skarpe eller spisse gjenstandar
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| knivar, sakser (med bladlengd over 6 cm) | nei | ja |
| knivar, sakser (med bladlengd under 6 cm) | ja | ja |
| springknivar | nei | nei |
| lommeknivar | nei | ja |
| økser (kjøttøkser, isøkser, ishakker) | nei | ja |
| barberknivar og -blad | nei | ja |
| eingongshøvel | ja | ja |
| piler, dartpiler | nei | ja |
| pinsett | ja | ja |
| isbrodda | nei | ja |
| skalpellar | nei | ja |
| sprøyter for medisinsk bruk | ja | ja |
| paraplyar | ja | ja |
| strikkepinne, heklenål | ja | ja |
| sigarkuttar | ja | ja |
| neglefil | ja | ja |
| pinsett | ja | ja |
Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet.
Sportsutstyr
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| balltre | nei | ja |
| biljardkø | nei | ja |
| fiskestong | nei | ja |
| golfkølle | nei | ja |
| harpunar, spyd | nei | ja |
| ishockeykølle | nei | ja |
| kampsportutstyr (slåsshanskar, klubber, batongar, nunchakoar osv.) | nei | ja |
| machetar, kastestjerner | nei | ja |
| padleåre | nei | ja |
| piler og buer, dartpilar | nei | ja |
| rullebrett | nei | ja |
| ski- og vandrestavar | nei | ja |
| skøyter | nei | ja |
| stormkjøken, primus | nei | ja |
| sverd, sablar, kårdar | nei | ja |
| telt, teltstenger, teltpluggar | ja | ja |
Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet.
Verktøy
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| Blåselampe | nei | ja |
| Brekkjarn | nei | ja |
| Bor | nei | ja |
| Drill | nei | ja |
| Hammar | nei | ja |
| Sag | nei | ja |
| Skiftenøkkel | nei | ja |
| Skrujarn | nei | ja |
| Tapetkniv | nei | ja |
| Tong | nei | ja |
Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet.
Eksplosive, brennbare eller kjemiske stoff
Eksplosive stoff
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| ammunisjon | nei | ja |
| imitasjonar av granatar, miner, sprenglekamar, sprengstoff | nei | nei |
| patroner til røykmaskiner | nei | ja |
| gass og gassbehaldarar (butan, propan, acetylen, oksygen i større volum osv.) | nei | nei |
| fyrverkeri, bluss, pyrotekniske middel ("party poppers", krutlappar) | nei | nei |
| detonatorar, fenghetter og lunter | nei | nei |
| sprenglekamar, medrekna detonatorar, lunter, granatar, miner og sprengstoff | nei | nei |
Brennbare stoff
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| aerosolar (hårspray, deodorant m.m.) | ja | ja |
| eingongslighter (berre éin per person) | ja | nei |
| fyrstikker som ikkje er godkjende for bruk i Noreg | nei | nei |
| spraymålingsboksar, terpentin, malingstynnar | nei | nei |
| flytande brennstoff (bensin, diesel, lightervæske, etanol) | nei | nei |
| brennbare faste stoff eller reaktive stoff, medrekna magnesium | nei | nei |
| delar av motorvogns drivstoffsystem som har innehalde drivstoff | nei | nei |
Kjemiske stoff
| Gjenstand | Håndbagasje | Innsjekket bagasje |
|---|---|---|
| brannsløkkingsapparat | nei | ja |
| peparspray, tåregass | nei | ja |
| syrer, basiske stoff (væskefylte batteri) | nei | nei |
| bleikjande eller etsande stoff (kvikksølv, klor, bilbatteri) | nei | nei |
| giftige eller smittsame stoff (rottegift, infisert blod, bakteriar, virus) | nei | nei |
| radioaktivt materiale | nei | nei |
Lista er ikkje komplett. Er du usikker, ta kontakt med Luftfartstilsynet.
Hittegods
Har du gløymt noko på flyet kontaktar du flyselskapet du reiste med. Har du gløymt noko på flyplassen kontaktar du hittegods på flyplassen.
Skadd eller forseinka bagasje
Er bagasjen din skadd eller forseinka, kontakt flyselskapet du reiste med så snart som råd.
Maksimalvekt, tal kolli, spesialbagasje
Flyselskapa har ulike reglar for kor mykje bagasje du kan ta med på flyet. Sjekk reglane for ditt flyselskap.
Treng du hjelp? Assistanse, Passasjerrettar

